NRK Meny
Normal

Blir førstemann med betaling på nett

Avisene strevar med opplagstala, men nøler samtidig med å innføre betaling for tilbodet dei har på nett. No blir Fjordabladet den første avisa i Sogn og Fjordane som krev betalt.

Tormod Flatebø viser fram den nye nettsida til Fjordabladet

STOLT: Tormod Flatebø viser stolt fram den nye nettsida til Fjordabladet. Denne må folk betale for, men redaktøren lovar at det skal vere verdt det.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi kan ikkje gje vekk arbeidet vårt gratis, seier redaktør Tormod Flatebø.

Til liks med svært mange andre aviser strevar Fjordabladet med fallande opplagstal og dermed reduserte inntekter.

Likevel nøler dei fleste med å innføre betaling på nettsidene sine, sjølv om dei opplev at lesarane i stadig større grad brukar nettopp nettet.

Men i Eid tek redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet grep. No blir avisa den første i Sogn og Fjordane som innfører betaling.

– Det er like mykje arbeid med å leggje ut saker på nett, reint journalistisk, seier han om kvifor dei no vil ta seg betalt for dette.

– Skal få noko att for at dei betaler

I redaksjonslokala på Nordfjordeid viser han stolt fram den nye nettsida til avisa. Framleis er ikkje lanseringsdatoen bestemt, men i løpet av sommaren tek avisa mål av seg til å bli den første i fylket til å ta betalt for alt innhald på nett.

– Dei nye nettsidene til Fjordabladet blir lansert om ikkje alt for lenge, og det blir betaling for alt, seier Flatebø.

– Kva tenkjer lesarane om det då, dei er jo vande til å lese avisa på nett gratis?

– Det blir eit heilt anna produkt no. Vi vil ha ei heilt anna oppdatering på nett når vi skal ta betalt for det, for folk skal få noko skikkeleg att for dei betaler for, lovar redaktøren.

(Artikkelen held fram under)

Dagleg leiar Magne Nesheim i Fjordabladet

TORER Å SATSE: Seier dagleg leiar i Fjordabladet, Magne Nesheim, og meiner dei har lite å tape.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi toler å ta risikoen

NRK har snakka med dei fleste av avisredaktørane i fylket, og det er langt mellom dei som trur betaling på nettet er like rundt hjørnet.

Det trass i at dei fleste over år har opplevd at opplagstala går ned. I takt med minkande inntekter må avisene anten effektivisere eller sjå seg om etter nye inntektskjelder.

Fjordabladet gjekk for sin del med 300.000 kroner i minus i fjor, og dagleg leiar Magne Nesheim meiner dei har lite tape på å prøve ut nettbetaling.

– Eg reknar med at vi tidleg på sommaren er klare med den nye nettavisa. Vi er ikkje så veldig aktive i dag, og har ikkje så mykje inntekter på nett i dag, så vi har ikkje så mykje tape.

– Dermed kan vi ta risikoen og satse på dette som dei første, seier han.

Sjølv om dei blir dei første trur redaktør Tormod Flatebø at andre raskt til følgje etter.

– Det å ta betalt på nett er noko alle kjem til å gjennomføre før eller seinare. Det er det ingen tvil om, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Inge Fardal

FØLGER ETTER: Sogn Avis og redaktør Jan Inge Fardal vil innføre betalingsløysing på nett etter sommaren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Betaling frå seinsommaren av

Fleire av avisredaktørane i Sogn og Fjordane trur det etter kvart må kome betalingsløysingar på nett. Men det har dei sagt lenge, utan at resultatet har vist seg.

Sogn Avis sin redaktør Jan Inge Fardal har tidlegare varsla at dei skulle ha ei betalingsløysing frå januar 2014, men innser no at det dreg ut i tid.

– Hadde det vore opp til meg så skulle ha vi hatt dette i gang frå årsskiftet. Men så er det slik at det må på plass ein del tekniske løysingar som alle må vere nøgde med.

– Denne gongen håpar eg at eg har rett i at vi er i gong med dette rett over sommaren, seier han.

Til liks med redaktøren i Eid seier Fardal behovet for å ta seg betalt.

– Vi er nøydde gjere dette grepet, for journalistikk kostar. Inntektene på papiravisa går feil veg, både når det gjeld annonsar og abonnentar, og vi må ha ein plan B, seier redaktøren i Sogn Avis.

Gjer betalingsavis gratis

Men på same tid som Fjordabladet og Sogn Avis altså riggar seg til for nettbetaling, går andre motsett veg. Møre-Nytt i Ørsta starta nettside i 2011 og gjekk rett på ei betalingsløysing.

Men etter å berre ha hanka inn 400 abonnentar gjekk redaktør Rune Sæbønes denne veka til det steg å gjere nettavisa gratis.

– Skal vi nå ut til eit stort nok publikum som gjer oss attraktive for annonsørar, så er betalingsmuren ei hindring, seier Sæbænes til NRK.no.

– Samtidig som de satsar på å vere gratis, er det ei rekkje lokalaviser som vurderer å ta betaling, tek dei feil?

– Nei, dei gjer ikkje det. Men det handlar om modellar. Kundane våre opplevde innlogging- og betalingsmodellen vår som litt komplisert, forklarar han.

Budde på ein tøff start

Men i Fjordabladet ser dei fram til ein annen kvardag på nettet.

– Eg trur kanskje det blir litt vanskeleg i starten.

– Kanskje får vi ti prosent av dei unike brukarane som vi har i dag, men det vil likevel vere ganske bra, då det vil bety ganske mykje pengar, seier redaktør Flatebø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.