Hopp til innhold

Satsar mot internasjonalt gull

Kristi Strømmen Kjerpeseth har drive med hekkeløp så lenge ho kan hugse. No er draumen internasjonale gullmedaljar.

Kristi Strømmen Kjerpeseth er kun 15 år, men allerede Norges raskaste hekkeløpar under 17 år. I helga sette ho ny norsk rekord. No er draumen internasjonale gullmedaljar.

DRAUMEN: 17-åringen frå Florø vil ikkje gje seg før ho er best i verda.

15-åringen frå Florø bli rekna som eit av dei største friidrettstalenta i Norge.

Ho har allereie sanka eit hav av medaljar, men gir seg ikkje med det. No har ho lagt store planar for framtida.

– Det kan gå fortare

Sjølv om ho berre er 15 år sprang ho sist helg mot damer i seniorklassen i 100 meter hekk. Hekkane var mykje høgare enn ho er vand med, og Kristi kom til slutt på ein femteplass.

Likevel sette ho aldersrekord for 17-åringar. Ein rekord har stått urørt sidan 1994.

– Eg kan springe mykje fortare, det kjente eg. Eg hadde langt ifrå eit perfekt løp, og langt frå perfekt form. Så det kan gå fortare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kristi Strømmen Kjerpeset lovande talent i friidrett.

SÅ FORT GÅR DET: Vi sette eit kamera på hovudet til Kristi før ho sette ut på eit treningsløp.

Satsar mot toppen

Og for at det skal gå fortare må ein trene. Fire til fem gongar i veka legg 15-åringen ned time etter time med tøff trening.

Med så mykje trening kan ein til og med sikre seg internasjonale medaljar. Det håpar iallfall Florø-jenta.

På stemnet Verdensungdomsspelen i Sverige seinare i år er målet gull.

– Det er litt urealistisk å ta gull, men om eg greier det hadde det berre blitt endå meir gøy, gliser tenåringsjenta.