Hopp til innhold

Forskar: – Viser ikkje vilje til å satse pengar på klimaforsking

Forskingsfondet for Vestlandet har nær 50 millionar dei skal fordele, men ingenting går til miljø, meiner klimaforskar Carlo Aall.

Carlo Aall

DET GRØNE SKIFTET: Klimaforskar Carlo Aall, meiner Vestlandsregionen burde satse meir på klima når dei skal bruke pengar på forsking.

Foto: Vestlandsforsking

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg synest det er litt rart. Ved å søke på ordet «klima» får ein null treff, eller søkjer ein på «grøn omstilling» som har vore snakka om så får ein null treff, og søkjer ein berre på «grøn» får du berre opp grøn sektor i betydninga forsking for mat. Men ordet klima er altså ikkje nemnt med eit ord i handlingsplanen, seier Carlo Aall som er forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

Regionalt forskingsfond Vestlandet omfattar både Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane som har laga ein handlingsplan for midlane dei rår over, og som Aall meiner burde innehalde eit større klimafokus.

Fondet ligg an til å få rundt 46 millionar kroner å fordele kommande år til berekraftig matproduksjon, energi, reiseliv og innovasjon i offentlege ansvarsområde.

Prioriterer ikkje i tråd med samfunnsutviklinga

Men forskaren meiner det grøne skiftet er fråverande i prioriteringa.

– Framleis skal ein bruke dei få pengane ein har på Vestlandet til å forske for olje- og gassutvinning. Det stemmer ikkje heilt med den politiske retorikken om at det grøne skiftet skal komme og no skal alle klutar til for å redusere utsleppa. Det viser seg i alle fall ikkje att i det mest framtidsretta vi har, nemleg forskingspengar på Vestlandet.

Det er pengar frå Norges forskingsråd og vert fordelt av folkevalde frå fylkeskommunane i dei tre fylka.

Tom-Christer Nilsen som representerer Hordaland fylkeskommune er ikkje samd i at klima-aspektet manglar.

Tom-Christer Nilsen

IKKJE SAMD: Tom-Christer Nilsen i Regionalt forskingsfond Vestlandet, meiner dei vil prioritere forsking som reduserer klimautsleppa i dei industriane ein allereie har på Vestlandet.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Det trur eg baserer seg på ei misforståing. Hovudføremålet med desse fonda er at det dei skal jobbe med er knytt opp mot industrien og vere næringsretta i industrien i dei områda dei er etablerte. På Vestlandet er det klart at det er nokre få industriar som dominerer, samt offentleg sektor. Derfor er hovudføremåla i strategiplanen knytt til dei industrien.

Men burde ikkje ein satse på forsking som hjelper i ein overgang frå miljøforureinande industri til meir miljøretta industri?

– Absolutt, og det er ein av tinga som vil vere gode prosjekt for dette fondet også. Men hovudoverskriftene i strategiplanen vil peike på kva sektor dette skal komme i, men ikkje nødvendigvis på klima som hovudtema. Men klima er sjølvsagt eit vurderingskriterium også i vurderinga av dei prosjekta som kjem inn.

Må vere miljøretta

Han peikar på at det finst andre fond som har meir klimaretta profil det kan vere naturleg å søkje midlar til forsking.

– Det finst andre kjelder til grunnforsking på klimaspørsmål som er meir aktuelle for denne forskinga. Men viss det for eksempel kjem forsking her som er knytt til å redusere utsleppa i dei næringane vi har her, så trur eg ein kan vere sikker på at det vil bli sett på med veldig blide auge i fondsstyret, seier Nilsen.

Aall meiner fondet har eit særleg ansvar for å finne miljøretta tiltak ettersom regionen er tungt inne i oljenæringa.

– Fordi det er ein region som har gjort seg avhengig av oljen så er det enno viktigare for denne regionen å finne ut korleis ein skal komme seg ut av denne oljealderen på ein god måte og inn i den nye klimanøytrale- og lågutsleppsalderen som kjem.