NRK Meny
Normal

Dette søskenparet er litt utanom det vanlege - har investert 150.000 kroner i eiga tacovogn

Torbjørn Vereide og systera Synnøve har tru på at taco er vegen å gå. Det har dei investert 150.000 kroner i.

Created by InfoDispatcher

SATSA ALT: Torbjørn Vereide og systera Synnøve satsar store summar på taco. Foto: Eli Eikenæs Vengen

– Eg har vore på utruleg mange festivalar og fredagsøl. Og mange gonger har eg tenkt at: I dag har eg lyst på taco. Men det var aldri taco å få, seier Vereide.

Og korleis løyser ein slikt? Jau, det hadde glopparen svar på.

– Eg tenkte, søren heller, eg lagar mi eiga tacosjappe. Eg tenkte at viss vi skulle gjere det, måtte det gjerast skikkeleg, seier Vereide.

Men bestemor er ikkje heilt samd

Og som sagt så gjort. Han og systera klaska 150.000 kroner i bordet og er no dei lukkelege eigarane av ei eiga tacovogn.

– Eg ruinerte både meg og systera mi for å setje draumen ut i live, seier Torbjørn Vereide.

Systera Synnøve Vereide håpar det heile går bra.

– Eg hadde ikkje noko val då. Han tok eigentleg alle pengane mine, men det er jo ei investering. Til no har det gått bra, seier Synnøve Vereide.

– Eg meiner det er fornuftig, men bestemor er ikkje heilt samd. Men det er fordi ho hatar alt som har med pengebruk å gjere, seier Torbjørn Vereide.

Innrømmer at det er litt risikoprosjekt

I naboteltet i Førde står Tahir Islam frå Olden Mat som sel kebab. Han trur investeringa er bra. Sjølv har han ikkje grave fullt så djupt i lommeboka.

– Eg har brukt omtrent halvparten. Men utgiftene mine er litt større enn deira, seier Islam.

Torbjørn Vereide fortel at ein kan tene alt mellom 5.000 og 9.000 kroner i løpet av ein dag.

– Men det kjem jo an på kor mykje folk som kjem, seier Vereide.

Systera Synnøve er klar over at ho er med på eit risikoprosjekt.

– Han tek ikkje så mange kloke val. Han er litt gal. Men det er jo litt av moroa med det, seier Synnøve Vereide.

Ho presiserer at ho er tilsett og får løn.

– Elles hadde eg nok hatt ein annan sommarjobb. Og så er det veldig gøy også, seier Vereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sel kebab og taco

GODE NABOAR: I Førde står f.v. Tahir Islam og Vereide-søskena side ved side med kvart sitt produkt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Er alt i gang med å tenkje framover

Torbjørn Vereide er allereie i gang med å tenkje ekspansjon.

– Viss dette går så bra som vi trur, så må vi utvide og kjøpe fleire vogner og satse vidare andre stadar i landet, seier Torbjørn Vereide.

Han understrekar at han har gjort grundig forarbeid, og at kjøpet av tacovogn ikkje berre botnar i ein vill idé.

– Eg har sjekka litt rundt. Norge er i verdstoppen når det gjeld taco. Vi et meir taco enn meksikanarane. Men likevel er det berre éin annan stad i Norge du kan kjøpe taco og ta med, og det er i Trøndelag. Men der lagar dei det i pannekaker, så det tel ikkje, seier Torbjørn Vereide.

Han meiner difor å vite at tacovogna deira er den første i sitt slag i Norge.

– Det er unikt, seier Synnøve Vereide, og nikkar.

Namnet kom til han midt på natta

Kjøleskapet i vogna er importert, og verdt nesten 50.000 kroner.

– Det hadde kanskje vore meir økonomisk å kjøpe brukt, men så tenkte vi at når vi først skulle gjere det, så måtte det vere skikkeleg, seier Torbjørn Vereide.

Lefsene vert steikte på ei plate som har vulkansk stein i seg.

– Dei blir på ein måte sprø, samtidig som dei er mjuke og gode, seier Vereide.

Namnet «Tacoway» kom Torbjørn på midt på natta.

– Eg vakna og tenkte at dét er namnet, seier Vereide.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.