Hopp til innhold

Satsar alt som vinbonde ved Sognefjorden

LEIKANGER (NRK): Zsuzsanna Barna har flytta frå England til Sogn for å bli vinbonde ved Sognefjorden.

Zsuzsanna Barna

KOMANDE VINMARK: Zsuzsanna Barna håpar ho skal få eit vineventyr ved Sognefjorden. Tilhøva er ypparlege, meiner ho, blant anna fordi fjorden reflekterer sollyset så fint på plantene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Små, firkanta, blå plastboksar står på rekke og rad oppover eit jorde på Leikanger ved Sognefjorden. Zsuzsanna Barna står på kne og plantar ei ny rekke med vinplanter, før ho set den blå beskyttelsesboksen over plantene.

– Dei skal beskytta mot dyr, vind og UV-strålar, fortel ho, i det ho gjer klart ei ny plante.

Sogn er eit kjent frukt- og bærdistrikt. Men vinrankar er det ikkje så veldig mange av. Enno.

Produksjon og turisme

Zsuzsanna Barna

3500: ...planter skal ho ha i jorda. Nokre her, resten på andre sida av fjorden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Temperaturen på jorda stig, og sjølv om dei negative konsekvensane er mange, så opnar det også opp nye moglegheiter .

– Eg har trua på at eg kan få gode druer som eg kan laga god vin av her, seier Barna.

650.000 kroner har ho satsa på å gjera dette til levebrødet sitt. 3500 vinplanter skal i jorda på Leikanger og på Frønningen, som er på andre sida av fjorden. På Leikanger er det først og fremst produksjon ho satsar på. På Frønningen vil ho også driva med turisme, der dei besøkande kan få oppleva ein norsk vingard.

– Forhåpentlegvis kan me starta innhaustinga allereie neste haust.

Røynde vinbønder ved fjorden

Bjørn Bergum

GLER SEG: Bjørn Bergum var blant dei første som etablerte seg som vinbonde langs Sognefjorden. Han gler seg over at fleire andre også vil satsa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nokre kilometer lenger inn fjorden, på Slinde i Sogndal, bur Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø. Dei er det ein kan kalla røynde vinprodusentar i norsk målestokk. På Slinde har dei eit par tusen vinstokkar som dei lagar vin av.

– Aromatiske, syrefriske, fruktige vinar kjem til å bli stilen her ved Sognefjorden. Det er heilt fantastisk at Zsuzsanna har starta her også, så no er det i ferd med å bli eit lite vindistrikt her ved fjorden, seier Bergum.

Han og sambuaren Halldis Nedrebø vann prisen for årets vinbonde i Norsk vinskue-kåringa i 2018.

Bjørn Bergum sine vinrankar på Slinde

IDYLL: Det er ikkje vanskeleg å tru på Bjørn Bergum når han seier at det beste han gjer er å jobba med vinrankane sine.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Mogleg å driva med vin på heiltid

Sjølv om det framleis er veldig lite, har interessa for norsk druedyrking og vinprodusering auka mykje dei siste fem åra.

Det er i underkant av 30 personar i Noreg som driv med vinproduksjon utover nokre få planter i hagen. Litt over 20 personar driv med det på hobbybasis, men er såpass store at det ikkje kan reknast som hage-kos. Om lag fem personar driv kommersielt som ein del av gardsbruk eller turisme.

– Auken har vore eksplosiv. Miljøet har gått frå å vera veldig lite til litt lite. Det er framleis ein nisje, men det vert planta ut mange, mange tusen planter kvart år, seier Erik Lindås, som er formann i foreininga Norske Druedyrkere.

– Er det føresetnader for å driva med vinproduksjon på heiltid i Noreg?

– Ja, det meiner eg at det er, seier Lindås.

Vindruer tidleg i sesong

DRUER TIL HAUSTEN: Hjå Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø er druene begynt å spira.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dei lo av meg

Barna har ei universitetsutdanning som vinmakar frå England, og kom først til Noreg for å hjelpa Bergum å laga god vin av druene sine. Men då ho fekk sjå området på nordsida av Sognefjorden, såg ho såpass potensial at ho ville prøva sjølv.

– Eg har alltid ønskt meg min eigen vingard. Så no er eg her. Då eg fortalde det til dei på universitetet, lo dei av meg. Men dei ønskte meg lukke til, sjølv om dei ikkje heilt hadde trua. Så eg har lyst å motbevisa dei også, for eg trur det er mogleg, seier ho.