NRK Meny
Normal

13-åring dansar meir enn sju timar om dagen

OSLO (NRK): For cirka ein månad sidan flytta ho frå venar og kjente i Førde for å gå på talentlinja på Ballettskolen ved Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Vi har vore fluge på veggen under ein intens ballett-time.

Elisabeth Vereide Dvergsdal

BALLERINA: 13-åringen Elisabeth Vereide Dvergsdal trenar minst 7 timar kvar dag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vi er inne i eit øvingsrom på Operaen i Oslo. Utsikta mot fjorden gjennom store vindauge er slåande, men ingen ser den vegen. Cirka 20 elevar ikledd svart trikot og kvite strømpebukser følgjer nøye med og reagerer på det minste vink når danselærar Sandra Wiesner instruerer klassisk ballett. NRK sin utsende reporter synest kanskje at instruktøren er noko streng med unge lovande dansarar som nyleg har flytta heimanfrå.

– Ja, ho er streng. Men ho er ikkje slem. Ho vil berre det beste for oss, forklarar 13 år unge Elisabeth Vereide Dvergsdal.

Sjå video frå ballettklassa på Den Norske Opera & Ballett:

Sjå video frå ballettklassa på Den Norske Opera og Ballet:

GRASIØST: Sånn ser det ut når Sandra Wiesner underviser i klassisk ballett

Elisabeth har stått på og trena knallhardt seks dagar i veka i to år for å kome igjennom det nålauget det er å bli tatt opp som elev ved Ballettskolen på Den Norske Opera og Ballett. No trenar ho hardare enn nokon gong.

– Eg fekk sjokk første gongen eg kom hit og såg kor høgt nivået er her. Eg vart litt nervøs, men kom til at eg berre måtte stå på og øve, seier ho entusiastisk.

LES OGSÅ: Fødselsdatoen ødelegger for ballettalent

LES OGSÅ: Oslo kommune betaler ballettskoleplass for dansetalent

Eit krevjande regime

Ballettskulesjef Knut Breder legg ikkje skjul på at det er høge forventningar til elevane ved skulen.

Ballettskolesjef Knut Breder

STRENGE KRAV: Ballettskulesjef Knut Breder seier elevane kan miste plassen sin om dei ikkje jobbar hardt nok.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– For å lykkast her krevst det både talent og mykje arbeid. Og slett ikkje alle lukkast. Dei elevane som ikkje har den forventa utviklinga kan miste plassen sin ved skulen, forklarar Breder.

Utfordringane ser så langt ut til å inspirere meir enn det motsette og Elisabeth er ikkje av typen som misser motet.

– Eg elskar å danse. Og eg ser at eg har framgang. Det er det viktigaste for meg. Og då er det verdt alle timane med øving, seier ho insisterande.

Optimistisk:

OPTIMISTISK: Elisabeth Vereide Dvergsdal elskar å danse. Derfor kan ho også tole mange timar om dagen med trening.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vanskeleg å reise frå venar og kjente

For cirka ein månad sidan pakka Elisabeth kofferten og reiste til Oslo saman med mor Ellen Vereide for å satse på dansing. Ho innrømmer at det ikkje har vore berre lett å flytte heimanfrå.

– Det aller vanskelegaste for meg har vore å reise ifrå alle vener og kjente i Førde. Men, eg har fått gode venner her på ganske kort tid. Og det er viktig for å klare alt vi må igjennom, seier Vereide optimistisk.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå