Satsar 100 millionar på fibernett
I 2016 bygger Enivest ut fibernett i Sogn og Fjordane for vel 100 millionar. – Det er den største breibandinvesteringa fylket har sett, seier dagleg leiar Nandor Helgheim, til Firda. Om lag 30 millionar av dette kjem frå eit spleiselag mellom stat, kommune, Enivest og nettkundane. Ordninga gir fibernett til stader som ikkje er kommersielt lukrative å bygge ut. I år utgjer dette 2000 kundar for Enivest.