Hopp til innhold

Satsar 100 millionar i Skjolden

Den utflytte forretningsmannen, Oddvar Røysi vil gjere Skjolden til det fremste cruise-reisemålet i landet.

Oddvar Røysi
Foto: Cosmin Cosma / NRK

For å verkeleggjere draumen investerer Røysi no 100 millionar kroner i heimbygda.

Første bit av investeringa; 10 romslege sjøbuer, inkludert restaurering av det gamle kaihuset i Skjolden og brygge, stor no ferdig. Prislappen er på opp mot 30 millionar kroner. Men Røysi stoppar ikkje her. 

130 meter lang kai

Skjolden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Vi skal byggje 25 einingar til i same storleiken som det som no står klart, forklarar Oddvar Røysi.

Samstundes planlegg han cruisekai på heile 130 meter som kan ta imot dei største cruiseskipa verda. Og denne kaien og turistane som høyrer med, er etter kvart blitt viktig for prosjektet til Røysi. 

-  Vi har eit marknadsapparat som har fungert i eitt års tid. Der vi har investert 1,5 millionar kroner. Vi satsar no i heile Europa og deler av USA.

Flytte for 50 år sidan

Røysi vart fødd i 1939 i Kinsedal, som ligg ved vegs ende på sørsida av Lustrafjorden. Som ung forlet han bygda og vart borte i over 50 år. Og når vi lurer på kva som får han til å bruke så mykje pengar i ei lita, og mange vil seie avsidesliggande bygd som Skjolden, er svaret klinkande klart.

-  Her får ein jo oppleve verdas lengste fjord til ende, og superlativane ligg på rekke og rad innover. Vi møter det første ved Urnes stavkyrkje, litt lenger inne ligg Feigumsfossen. Berre opplevingar, og det er nettopp det eg ynskjer å kome tilbake til og oppleve.

Investerer for å tene pengar.

Men Røysi er finansmann som har gjort det stort, spesielt innan internasjonal transport, både på land og sjø. Han legg ikkje skjul på at han  investerer i Skjolden for å tene pengar.

- Det vi investerer her er risikokapital. Det betyr at vi berre brukar eigenkapital, vi låner ikkje pengar. Men vi er forretningsfolk og ventar avkasting våre etter kvart.

Ber om 20 millionar

Den einaste investeringa der han ber om medverknad frå fylkeskommunen og kommunen er cruise-kaia - 10 millionar kroner frå kvar. Men det er ikkje primært fordi Røysi ikkje kunne betalt alt sjølv. - Når eg som utanforståande investor gjer dette, vil eg og sjå at dei lokale er med meg. Så dette er ein provokasjon frå mi side.

Om alt går etter planen kan cruisekaien stå ferdig alt i 2009.