NRK Meny
Normal

Eks-ordføraren satsa alt på nye arbeidsplassar i fråflyttingskommunen

Då den politiske karriera var over i 2011, tok ordføraren sats og starta si eiga gründerverksemd. Han drøymer om å vere med å snu trenden i fråflyttingskommunen Hyllestad. I dag er 19 kommunar og regionar i Norge under omstilling.

Tore Bråstad

FRÅ ORDFØRAR TIL GRÜNDER: Tore Bråstad gjekk politisk leiarrolle til rolla som dagleg leiar for førebels sju tilsette i Multivolt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sidan 2009 har Hyllestad hatt status som omstillingskommune, noko som har ført til fleire titals nye arbeidsplassar i kommunen.

Samstundes går folketalet jamt nedover og var under 1400 no i haust. Men tidlegare ordførar i kommunen, Tore Bråstad, er optimist og har no satsa stort på si eiga gründerverksemd, førebels med sju tilsette i Leirvik i Sogn.

– Vi har eit langsiktig mål om å bli ei større bedrift. Men vi er nøydd for å byggje etterkvart som vi får tak i dei dyktige medarbeidarane. Vi har sagt at vi ser for oss 30 tilsette i løpet av ein femårsperiode. Vi har jo alt tankar om å etablere oss med avdelingar og dotterbedrifter i andre deler av fylket. Men det viktigaste er å få tak i dei rette medarbeidarane, spesielt nøkkelpersonar, seier Bråstad.

Overskot frå første år

Frå 2007 til 2011 var han ordførar for Senterpartiet, og var sjølv med på oppstarten av omstillingsarbeidet i 2009. Samstundes starta han i det stille heime i garasjen med å utvikle og byggje elektriske installasjonar.

No kan Tore Bråstad syne NRK rundt i lokala til Multivolt, som ligg heilt i sjøkanten i Leirvik i Hyllestad. Spesielle elektriske skap til offshore-industrien har blitt eit lønsamt nisjeprodukt. Det første rekneskapsåret for aksjeselskapet i 2012 førte til ei omsetning på på nær to millionar, og eit pent overskot på 316.000.

– Medan eg var ordførar så hadde eg oppdrag eg måtte ta på kveldstid og natt. Eg måtte ta eit val, anten satse på dette eller så måtte eg leggje det. Eg tok då eit val om at eg ville satse på mi eiga bedrift. Eg fann ut då at om eg skulle kome vidare, så måtte eg få tak i fleire medarbeidarar. Eg var aleine her i fjor, no er vi sju tilsette.

Jan Olav Gjerde

ORDFØRAR: Jan Olav Gjerde er optimist, trass folketalsnedgang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Folketalet går ned

I dag er 19 kommunar og regionar i Norge omfatta av omstillings-ordninga. Men forsking frå 2010 syner at folketalet går ned, sjølv om talet på arbeidsplassar går opp. Det er stor utfordring, innrømmer noverande Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde Ap).

– Det er jo eit lite paradoks, men det seier kanskje litt om pendlemønsteret i regionen. Eg er ukueleg optimist med tanke på Hyllestad si framtid. Eg registrerer at kommunesamanslåingsprosessen har stoppa opp litt, og vi køyrer på med full gass som eigen kommune til noko anna er ein realitet, sler Gjerde fast.

Han legg stor vekt på at skal omstillingsarbeidet i ein kommune lukkast, så er ein heilt avhengig av folk som Tore Bråstad som tør å satse inn mot nye marknader og med nye produkt.

– Det er heilt avgjerande. Grunnen til at vi fekk omstillingsstatus er at skipsverftet Havyard er ei dominerande bedrift. Veldig mykje som vart etablert lente seg mot Havyard. Det gjorde oss sårbare, og det gjer at vi no driv omstillingsarbeid og prøver å få på beina bedrifter som står på eigne bein, seier Gjerde.

Tilsette Multivolt

MONTERER EL-SKAP: Sondre Kjelstad og Thomas Nyland Tonning er to av dei unge som har fått jobb i verksemda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kommunen syner godvilje

I fleire omstillingskommunar, som Høyanger og Årdal, har ein opplevd store nyetableringar, men også at mange av dei nye bedriftene seier takk for seg etter få år.

– Det må ein leve med i ei omstillingsfase, meiner næringsdirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Heggheim.

Men for Multivolt i Leirvik ser pila til å peike oppover, og at dei ser ut til å ha treft marknaden med eit produkt som det er stor etterspurnad etter. Samarbeidspartnarar i Sverige og Danmark og Kongsberg Maritime som solid sluttkunde er førebels ein stor suksess.

– Det aller viktigaste er at kommunen syner godvilje og har fokus på næringsutvikling. Ein skal jo ikkje leggje skjul på at det er tøft å starte opp. Det kreve ein del arbeid, og det er godt å få gode tilbakemeldingar og ein klapp på skuldra, seier tidlegare ordførar Tore Bråstad.

Føler at dei ligg sentralt

Då han satsa som gründer flytta verksemda inn i lokale i Leirvik sentrum som lenge hadde stått tomme.

– Det finst heldigvis ledige næringsområde her i Hyllestad som kan leggje til rette for vidare aktivitet om vi har behov for det. Eg meiner vi ligg i sentrum av Sogn og Fjordane når det gjeld logistikk. Posten kjem på døra, varetransporten kjem dagleg frå Oslo. Så vi har ingen problem med kvar vi ligg, seier Bråstad og smiler.

Laster kart, vennligst vent...

Kartet syner dei kommunane som per dags dato har omstillingsstatus i Norge. Klikk på dei skraverte felta og få opp grunngjeving og mål for omstillinga. (Kjelde: http://www.regionalomstilling.no/no/Regioner/)

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.