Hopp til innhold

Her er alt som er att av «den nye gullnæringa»

Innovasjon Norge brukte nær 50 millionar, og 350 oppdrettskonsesjonar vart delt ut til det som skulle bli den nye gullnæringa. No held eit Florø-firma bokstaveleg tala liv i siste håpet for torskeoppdrett.

Innovasjon Norge la 50 millionar på bordet til det som skulle bli den nye gullnæringa. No er dei siste oppdrettarane i ferd med å leggje ned.

SJÅ TV-SAKA: Torskeoppdrett skulle bli det nye norske eksporteventyret. No er det snart slutt ... (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE)

For ti år etter er dei siste torskeoppdrettarane i ferd med å leggje inn årene.

Havlandet i Florø er den siste norske produsenten av torskeyngel til oppdrett. I håp om ei framtid for norsk torskeoppdrett, held dei liv i dei siste 1.300 stamtorskane eitt par år til.

– Her ligg i alle fall fortida og kanskje ei framtid, seier dagleg leiar Halvard Hovland.

Brukte 50 millionar

Halvard Hovland, dagleg leiar Havland Marin Yngel AS

HÅPAR: Halvard Hovland og Havlandet Marin Yngel håpar framleis at torskeoppdrett har ei framtid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Både konkurrentar og kundane er vekke. Skrur ein tida eitt tiår tilbake, var optimismen på topp. Torskeoppdrett skulle bli eitt nytt norsk eksporteventyr og kring 23 yngelprodusentar vaks fram.

Innovasjon Norge la 50 millionar kroner på bordet til næringa og Staten delte ut 350 oppdrettskonsesjonar.

– Det resulterte i ti års avl på torsk. Det vi ser her er det som er att av kommersiell avl på torsk i Norge, seier Hovland.

Ikkje norsk yngel

Aktørane fekk bukt med produksjonsvanskar, men finanskrise, høge fôrprisar og det faktum at villtorsken igjen er tilbake, har strypt oppdrettsnæringa.

No gir den eine kommersielle matfiskoppdrettaren etter den andre seg. På landsbasis er det att to-tre aktørar.

– Det er snart slutt for torskeoppdrett. I alle fall i denne omgang. Vi har ikkje kundar att, og for første gang sidan 1993, så blir det ikkje sett ut torskeyngel i Norge, seier Hovland.

Har mista trua

I Florø skal dei grøne kara no fyllast med berggylte til bruk i laksenæringa. For framtida er så usikker at også Innovasjon Norge har mista trua.

– Det minkar på trua når du ser korleis det har utvikla seg, vedgår direktør Halvor Flatland hos Innovasjon Norge.

Trass i at næringa ligg brakk, vil altså Havlandet halde liv i den siste stamtorsken. Dersom den går tapt, er alt håp ute, trur Hovland.

– Då trur eg at vi ville sett at det var umogleg å løfte opp att torskeoppdrett att. Då trur eg det vil vere kroken på døra for torskeoppdrett i all framtid, avsluttar han.