For sokneprest Jon Ytrehorn var det eit sjokk å oppdage kva som pryda porten til Guds hus.
Spissen peikte feil veg
Den femkanta stjerna, pentagrammet, som pyntar porten til Hornindal kyrkje, symboliserer Betlehemsstjerna når spissen peikar opp - men heilt andre krefter når spissen peikar ned. I dei seinare tiåra har nemleg okkulte miljø teke i bruk stjerna som symbol for satan.
Jon Ytrehorn
Heimeblind
Då porten vart gitt som gåve for femti år sidan var ikkje den okkulte tydinga av den femtakka stjerna så kjend - og det meiner Ytrehorn er noko av grunnen til at kyrkjeporten kunne stå utsmykka med satansymbol i 50 år utan at nokon har reagert. Han er litt skamfull over at han som kateket og prest i over 20 år har vandra gjennom porten utan å leggje merke til det. Han meiner dei er lett å bli heimeblind på det som er rundt ein til dagleg.
Årvakne konfirmantar
Det var årvakne konfirmantar som etter ein time om ulike symbol og deira tyding gjorde presten merksam på kva som pryda porten inn til Guds hus. Og berre tre timar etter at konfirmantane hadde skrive eit brev om dette, så hadde soknerådet fått saka på sitt bord. Dei vedtok samrøystes at porten skulle forandrast slik at alle ti stjernene peiker rett veg.
Frå venstre: Regine Gausemel, Per Elling Kobberstad og Kjersti Espe. Dei ti pentagramma er meint som mønster ved at pentagramma vert vridde i ulik grad. Pentagramma skal ikkje vere meint som symbol frå kunstnaren si side. Foto: Bengt Flaten, Sunnmørsposten