Hopp til innhold

Sat fast på fjellhylle på over 2000 meter

Dei tre fjellklatrarane som sat fast på ei fjellhylle på det tredje høgste fjellet i Norge, Store Skagastølstind, er funne i god behald.

Redningsaksjon Store Skagastølstind

BERGA: Her er fjellklatrarane trygt nede att, etter at den alpine redningsgruppa og redningshelikopteret hadde fått dei tilbake til basen på Turtagrø.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Dei vart funne av den alpine redningsgruppa. Det er ikkje meldt om skade på personane, ifølgje politiet.

– Det er ein nordmann og to utanlandske kameratar, og alle har klatreerfaring frå før, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen til NRK.

Lågt skydekke gjorde redningsjobben vanskeleg

Sea King redningshelikopteret kom seg ikkje opp til klatrarane.

– Vi vil fly til rundt 1600 meter, og så må den alpine redningsgruppa dessverre ta jobben til fots derifrå, sa Nils Ole Sunde ved Hovudredningssentralen til NRK i føremiddag.

– Vi antar at dei sit fast på over 2000 meter. Dette er krevjande og vil ta lang tid, sa Sunde.

Ifølgje Kåre Steinar Skagen, som er på staden, letta redningshelikopteret frå basen på Turtagrø rundt klokka 11.30, og sette kursen mot Store Skagastølstind for å levere den alpine redningsgruppa.

Redningshelikopter

INN FOR LANDING: Redningshelikopteret etter redningsaksjonen.

Foto: Kåre Steinar Skagen
Redningsaksjon Store Skagastølstind

TETT: Det var svært tett skydekke innover mot Norges tredje høgaste fjell.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Dei skulle hente dei tre klatrarane som laurdag kveld vart overraska av dårleg vêr. Klatrarane valde å rappellere nedover. Dei sat fast på ei fjellhylle. Klatretauet har anten kilt seg fast eller frose fast, og dei trengde hjelp for å kome seg ned.

Miste kontakten

Store Skagastølstind er Norges tredje høgaste fjell; toppen ligg 2405 meter over havet på grensa mellom Årdal og Luster kommune i Sogn og Fjordane. Fjellet ligg i Hurrungane, i Vest-Jotunheimen.

Politiet hadde ikkje informasjon som tilsa at klatrarane var skadde. Dei hadde sist kontakt med klatrarane per telefon like før klokka 07 sundag morgon, men det er svært dårleg samband i området.

– Vi veit endå ikkje nøyaktig kor klatrarane sit fast, sa Rimmen i morgontimane.

Telefonsambandet politiet hadde med klatrarane er brote.

Store Skagastølstind

TREDJE HØGAST: Storen, som toppen også vert kalla, er det tredje høgaste fjellet i Norge. Klatrarane sit på over 2000 meter. (Arkivfoto).

Foto: Jostein Aasen