Hopp til innhold

SAS kan få dagbøter på 150.000 kroner

Difi har mista tolmodet med SAS Norge AS og gir dei no ti dagar på å rette opp feil på nettsidene sine. Om ikkje må dei betale 150.000 kroner i dagbøter.

SAS-fly på Oslo lufthavn

MÅ ORDNE NETTSIDER INNAN TI DAGAR: Difi meiner SAS sine nettsider ikkje er tilgjengelege nok for alle.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har sendt varsel om tvangsmulkt fordi dei meiner flyselskapet bryt med likestillings- og diskrimineringslova. Ifølgje Difi har SAS Norge AS ikkje gjort det mogleg for alle å bruke nettsidene.

Direktør for tilsynet i Difi, Malin Rygg, understrekar at SAS allereie har retta mange feil, men at det framleis står att feil knytt til blant anna koding av skjema.

– Dette er noko som får stor betydning for dei som brukar skjermlesar eller opplesingsverktøy. Det er først og fremst synshemma, men også dei med dysleksi eller andre som brukar opplesing som hjelpemiddel. Feilen er slik at det vil vere personar som ikkje klarer å bestille sin eigen flybillett utan hjelp, og det er eit klart brot på diskrimineringslova, seier ho.

Fekk frist på seg til før sommaren

Difi gjorde ein kontroll med nettsidene til SAS Norge AS i fjor haust, og avdekte då seks avvik på 20 lovkrav. SAS fekk frist på seg til juni i år, og fekk forlenga fristen før sommaren. Sist veke stod det framleis att å rette opp 20 prosent av feila.

Det å kjøpe billetter på internett regnes nå som en selvfølge, og er derfor en sentral del av den enkeltes rett til likeverdig digital samfunnsdeltakelse. Nettstedet til SAS Norge AS har mange tusen brukere daglig, slik at feilene går ut over mange brukere.

Difi i vedtak om tvangsmulkt
Malin Rygg, direktør i Difi

MÅ FUNGERE FOR ALLE: Malin Rygg, direktør i tilsynet Difi, seier dei forventar at eit selskap av storleiken til SAS har nettsider som følgjer regelverket om universell utforming.

Foto: Difi

SAS risikerer å måtte betale 150.000 kroner for kvar dag feila ikkje er retta. Det forklarar Rygg slik.

– Vi tek omsyn til kor mange brukarar dette råkar. SAS har tusenvis av brukarar kvar dag, det er viktig for den enkelte i kvardagen og viktig for samfunnet. Vi har også teke omsyn til kva type feil det er, og kor lang tid det vil ta å rette dette. I tillegg har vi sett på kor stort selskapet er, for det skal ligge eit press for å oppfylle dette, slik at SAS får ekstra motivasjon til å rette opp feila, seier Rygg.

Trur dei skal klare unngå bøtene

Knut Morten Johansen

VIKTIG FOR SAS: Kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS seier at universell utforming har vore viktig for dei, og at dei jobbar med å rette opp feila.

Foto: SAS

SAS får ti yrkesdagar til å rette opp dei resterande feila.

– Vi forventar å vera i mål innan fristen. Etter at vi la om til ei ny IT-plattform har vi jobba med ulike grupper funksjonshemma. SAS vil vere best i klassen på utforming, også for alle grupper med funksjonshemming, seier kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS til NRK.

Johansen understrekar at det har blitt jobba kontinuerleg for å klare å rette opp feila Difi har påpeikt.

– Vi har jobba med dette i heile år og hatt har gjennom det arbeidet hatt kontakt med fleire grupper med funksjonshemming for å gjera sida best mogeleg, seier han.