Hopp til innhold

Sara fekk full klaff i sesongdebuten

Med siger både laurdag og søndag fekk Sara Felde Liljedal (16) ein best tenkeleg start på Telemark-sesongen.

Sara Felde Liljedal på toppen av pallen i NM

NØGD: Sara Felde Liljedal på toppen av pallen etter at ho vann hovudlandsrennet i dag. – Eg er mest nøgd med sigeren i dag. Klassisk er tungt, smiler ho.

Foto: Privat

Laurdag utklassa Sara Felde Liljedal konkurrentane då både junior- og seniorløparane konkurrerte om poeng i noregscupen.

Søndag følgde Syril-jenta opp med feilfri køyring, og siger i ungdomane sitt NM, hovudlandsrennet.

– Eg håpa, men såg ikkje føre meg å vinne begge dagane. Eg vart litt overraska, seier 16-åringen.

– Ei for framtida

Felde Liljedal føyer seg inn i rekkja blant talentfulle telemarkskøyrarar frå Sogn. Verken Øyvind Vagstad, Sarah, Eirin og Andrea Fiskaa Haugen er ukjende namn i idretten.

Også landslagssjef Martin Gjøra er godt kjend med miljøet, og 16-årige Felde Liljedal. Ho har tidlegare hevda seg godt i konkurransane.

– Sara deltok på open landslagssamling i Valdres, og er absolutt ein utøvar for framtida om ho held fram å jobbe like hardt som ho gjer no, seier han.

– Uredd løpar

Han er ikkje overraska over at Syril-jenta vann begge disiplinane i helga.

– Ho er ganske uredd, og ikkje redd for å sleppe fart. Når ho også får det tekniske til å sitje, så går det fort med Sara, seier han.

Dersom alt går som ho ynskjer, får landslagssjefen snart sjå endå meir til henne.

– Eg er for ung til å vere med på noko VM, men neste år er eg junior og vil prøve å kvalifisere meg for junior-VM, seier ho.

Vil til junior-VM

– Det kan vere aktuelt om ho held fram den same gode utviklinga som ho har vist til no. Samstundes er det ikkje ofte at førsteårsjuniorar kvalifiserer seg for eit VM, svarar landslagssjefen.

16-åringen spelar fotball for moro, men satsar på telemark. Ho trenar ein gong i veka, samt driv med eigentrening.

– Og så blir det mykje pudderkøyring i helgane. Det likar eg, smiler ho.

– Kvifor ikkje alpint eller randonee?

– Telemark er ein sport for seg sjølv. Det er få som står. Miljøet er lite, men veldig bra. Alle kjenner alle, seier ho.

Fleire NM

Framover planlegg Felde Liljedal å delta i NM Klassisk Sprint og Parallell andre helga i februar.

– Har eg ein bra dag og alt går fint, så håpar eg å kjempe i toppen også då. Men Parallell er krevjande, og det skal lite til før ein køyrer ut, seier ho.

I tillegg til Felde Liljedal, stilte lustringane Andrea Fiskaa Haugen og Eirin Fiskaa Haugen i rennet på Bjorli. Laurdag vann førstnemnde noregscuprennet for juniorar 17–21 år, med Eirin på andreplass. Søndag vart det derimot andre og tredjeplass på dei to lustringane.

Øyvind Vagstad vart nummer tre i seniorklassa på sprinten laurdag. Søndag enda han på femteplass i NM.