Vitnet fortalde i Gulating lagmannsrett i dag at han såg ei jente kome gåande mot Førde då han sat og såg ut kjøkenvindauget sitt søndag morgon 6. juni.
- Eg er heilt sikker på at ho hadde lyst hår, seier han. Vitnet er også sikker på at ho hadde kvite striper på jakka eller anorakken sin, slik Anne Slåtten hadde på si jakke. Men han såg ikkje andletet til jenta.
- Ikkje striper i politiavhøyr
Forsvarar Ivar Blikra påpeika at vitnet ikkje sa noko om den kvite stripa på brystet i politiavhøyret veka etter at Anne Slåtten vart funnen.
- Jau, det har eg stått fast på heile tida, sa vitnet.
- Men du har ikkje sagt noko om den kvite stripa over brystet til politiet, gjentok Blikra.
God stemning på vorspiel
- Festen i Bygstad før den fatale natta var ikkje planlagd, fortalde søskenbarnet til tiltalte. Ho meiner å hugse at Standnes kom på vorspiel hos henne om lag klokka 14 på laurdag.
- Vi sat og høyrde på musikk og drakk, og stemninga var god.
- Kan du hugse kva de gjorde på, spurde aktor.
- Bror min og Øyfred braut handbak. Eg drakk ikkje så mykje den kvelden, ikkje meir enn fem øl heile kvelden.
- Korleis er Øyfred når han er skikkeleg full, fekk ho også spørsmål om.
- Han blir litt snøvlete, og snakkar utydeleg. Men denne kvelden verka korkje han eller bror min særleg fulle, sa søskenbarnet. Ho hugsar ikkje at Standnes drakk whisky den helga. - Eg hadde litt pengar, men ikkje nok. Øyfred hadde ikkje pengar denne kvelden, fortalde søskenbarnet.
- Var ikkje så full
Aktor prøvde å få fram at Standnes ikkje nødvendigvis var så full. Søskenbarnet seier at verken han eller broren var så fulle, dei drakk ikkje whisky, og Standnes hadde ikkje pengar til å kjøpe drikke for.
Standnes ikkje med heimatt
Søskenbarnet tok drosje tilbake til Bygstad saman med resten av Bygstad-gjengen, men då var ikkje Standnes med. Det reagerte ho ikkje spesielt på. Ho låste ikkje døra før ho la seg, og ho veit at Standnes var innom husværet hennar medan ho sov søndag.
- Ikkje problem med 18 pils
På spørsmål frå Blikra er ikkje søskenbarnet sikker på kor mykje øl Standnes kjøpte.
- Er det noko problem for han å drikke 18 pils? spurde Blikra.
- Nei, svarte søskenbarnet kontant.
- Kan han drikke 18 øl og i tillegg sprit eller whisky?
- Nei, det trur eg ikkje han toler, svarte søskenbarnet. Ho slo og fast at det var tomt for alkohol då ho kom heim.
- Liknar ikkje haikaren
Søskenbarnet meiner at biletet av haikaren ikkje liknar på Standnes. - Øyfred er tynnare i ansiktet, og han hadde meir lengde på håret, og i tillegg hadde han skjegg på denne tida.
-Aldri aggressiv
Søskenbarnet har heller aldri opplevd Standnes som aggressiv. - Heller ikkje når han er full. Han er i godt humør, spøker og dansar, sa vitnet, som smilte oppmuntrande til Standnes før ho forlet vitneboksen.