Hopp til innhold

Såpeglatte vegar: – Ikkje la deg lure av svart asfalt

Glatte og isdekte vegar har ført til kaos onsdag morgon. Både Statens vegvesen og politiet åtvarar mot særs glatte vegar i store delar av Sør-Noreg.

Tengedalsvatnet

STRØYDDE I GRØFTA: Slik såg det ut ved Tengesdalsvatnet i Sandnes på morgonkvisten.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det var skummelt. Eg merka ikkje noko til at det var glatt før eg låg i grøfta, seier Odd Johansen.

Han er ein av mange som har fått eit ublidt møte med glatt veg denne morgonkvisten. Johansen er like heil, men bilen blei totalskadd i ei utforkøyring ved Tengedalsvatnet i Sandnes. Han var langt frå aleine og fleire bilar låg strøydde i grøfta.

Det har vore fleire trafikkuhell over heile Sør-Noreg på grunn av glatte vegar.

På E6 er eitt felt stengt ved Tangen i Stange etter at ein trailer snurra rundt. I Kvelde i Vestfold sklei eit vogntog av vegen. Ved Flekkefjord i Vest-Agder køyrde ein bil med tre personar ut av vegen på fv. 42. Politiet melder om at fleire bilistar har meldt frå om glatt veg, spesielt i indre deler av Agder.

I Rogaland har glatt føre laga trøbbel for både bilistar og syklistar. I Hjelmeland køyrde ein bil av vegen på Vormedalsvegen. To bilar kolliderte i Søredalen i Sandnes. Ein syklist sklei på glatt føre i Sandnesveien i Sandnes. Ein bil køyrde opp på eit skilt og hamna i grøfta på grunn av det glatte føret ved Løwenstrasse i Sandnes.

Glatt i Rogaland

SKUMMELT: Odd Johansen fekk ein tøff start på dagen. Glatt veg gjorde at han hamna i grøfta.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Traktor sklei av vegen

Ved Laukelandsvegen i Gaular sklei ein traktor av vegen og ned i ei grøft. Fleire har meldt frå om krevjande køyreforhold i Sogn og Fjordane.

– Det var den vanskelegaste turen eg har hatt nokon gong, seier Janne Steinhovden.

Ho sklei sidelengs opp bakkane på veg mot rv. 5 mellom Florø og Førde i Sunnfjord.

– Det var med nød og neppe at eg kom meg opp bakken, seier ho.

E6

BOM STOPP: Slik enda køyreturen for eit vogntog på E6 ved Tangen.

Foto: BJØRN OPSAHL

– Ikkje la deg lure av svart asfalt

Glatte vegar kjem overraskande på fleire bilistar. Ein bilist åtvarar andre mot å ikkje la seg lure av svart asfalt.

– Det var skikkeleg glatt. Rett og slett glasert, noko ein ikkje ser på den svarte asfalten, seier Hermod Brensdal, som var på veg mellom Sande og Førde på E39.

I Rogaland har det vore fleire trafikkuhell på morgonkvisten. No åtvarar politiet alle bilistar.

– Det blir meldt om særs glatte vegar fleire stadar i distriktet. Vi oppmodar alle til å ta det roleg, skriv politiet i Sør-Vest.

Vegvesenet opplyser at entreprenørane har alt mannskap ute. Det er spesielt glatt ved kysten, men også lenger inne i landet.

– Ein låg temperatur over lengre tid gjer at vegen er kaldare enn regnet. Regnet frys direkte på bakken, seier trafikkoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen i Vest.

Trailer snurra rundt

I Hedmark og Oppland kjem politiet med ei klar oppmoding til alle som skal ut på vegen i morgontimane.

– Ta det roleg og vis omsyn, skriv politiet i Innlandet.

Eitt felt på E6 ved Tangen i Stange er stengt etter at ein trailer snurra rundt. Politiet opplyser om at det er særs glatt på staden.

Glatt på E6

TRØBBEL: Eitt felt er stengt på E6 ved Tangen i Hedmark.

Foto: BJØRN OPSAHL