NRK Meny
Normal

Bybussen fekk problem på såpeglatt føre

Temperaturen sokk til under null grader i løpet av natta, og det har ført til at det var såpeglatt på mange vegstrekningar då folk skulle på jobb onsdag morgon.

Glatt på vegane

STOD FAST: Bybussen fekk problem med å komme seg opp i Slåttebakkane i Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Slåttebakkane i Førde fekk Bybussen problem, men det er ikkje meldt om alvorlegare trafikkuhell.

Vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad, ber bilistane ta det med ro.

– Det er meldt om glatte strekningar både i Nordfjord og i indre Sogn. No blir det salta, men det kan vere glatt på sidevegane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser