Hopp til innhold

Sanselaus opprykksjubel i Sogndal

Tommy Øren var helten i 2000. Ti år etter slår årdølen til igjen.

Tommy Øren matchvinnar mot Fredrikstad

Tommy Øren vart matchvinnar då Sogndal slo Fredrikstad onsdag. Endå ein gong fiksa Øren biffen og sendte laget til eliteserien.

Foto: Tor Yttri

For Sogndal avfeia all motstand, vann 2-0 og kan starta feiringa av opprykk til eliteserien. Med fyrverkeri på stadion like etter kampslutt vart spelarar og trenarar hylla for ein enorm prestasjon.

Tommy Øren matchvinnar, igjen

Jubelen stod like eins i taket i garderoben etter kampen, og i sentrum for jubelen Tommy Øren.

Helten frå Ullevål i 2000 rundlurte Piiroja og ga Sogndal 2-0. Dermed var Fredrikstad feia av bana.

- Det er heilt ubeskriveleg herleg. Då eg forstod at ballen gjekk i mål var det mange rare tankar som streifa gjennom hovudet. Å vera med på endå eit opprykk er fantastisk, stråla 30-åringen som no er heilt sikker på at han går på ein ny sesong.

- Det går ikkje an å gje seg etter dette, var den klare meldinga til sogndal-leiinga.

Sogndal var best

Det var aldri tvil om at Sogndal var best. Særleg i andre omgang var det eit svært godt sogndallag som bestemte takt og tone.

Laget Sogndal har knapt spela betre i år, og då Per Egil Flo og Tommy Øren ga Sogndal ei 2-0 leiing, var det sydlandsk mellom snøbyene på Fosshaugane.

Skryt frå fotballpresidenten

Til og med fotballpresident Yngve Hallén måtte innrømma at det var sterke saker.

- Klart Sogndal er laget i mitt hjarta, uansett kva verv eg har. Betre følelse enn dette kan eg knapt ha. Eg er stolt og veit kva dette betyr for Sogndal, seier Hallén i jubelscenane på Fosshaugane.

I garderoben dansa Barry Kader på bordet, skikkeleg afrikanske rytmar til vill jubel og full allsong frå spelarar og alle involverte.
Sogndal er igjen i eliteserien.

Ein fantastisk sesong vart krona med 2-0 over den argaste konkurrenten Fredrikstad på heimebane. Betre kan det ikkje bli.