Hopp til innhold

Sanner vil flytte fleire arbeidsplassar

GJØVIK (NRK): Jan Tore Sanner meiner regjeringa har kome godt i gang med å flytte ut arbeidsplassar, og no vil dei i samarbeid med Venstre legge fram ein plan om korleis dei skal flytte fleire.

Sanner besøker Direktoratet for byggkvalitet på Gjøvik

Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit godt alternativ, seier Jan Tore Sanner. Her får han orientering av to av dei tilsette ved Direktoratet for byggkvalitet i Gjøvik, Espen Risendal og Hanne Guro Warholm Sørum.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Mitt inntrykk av andre arbeidsplassar som er flytta ut, er at det er eit veldig godt alternativ, seier Sanner.

38 arbeidsplassar til Gjøvik

I går besøkte Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner Direktoratet for byggkvalitet på Gjøvik. I dag har bedrifta 38 tilsette, og Sanner meiner bedrifta er eit godt eksempel på ein statleg arbeidsplass som har lykkast etter utflyttinga frå Oslo.

– Dibk på Gjøvik fungerer svært godt. Eg har sjølv flytta verksemder ut frå Oslo, og erfaringa er at om ein flyttar det til rett stad, får ein tilgang til kvalifisert arbeidskraft, og det er viktig for arbeidsmarknadene i regionen, seier Sanner.

Flytta fleire enn dei raud-grøne

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har flytta mange arbeidsplassar ut frå Oslo og ynskjer å flytte fleire.

Jan Tore Sanner meiner dagens regjering har flytta dobbelt så mange statlege arbeidsplassar på tre år som dei raudgrøne gjorde i heile førre periode.

–Nå har vi vedteke å flytte ut nesten 400 arbeidsplassar ut av Oslo i løpet av desse tre åra, i dei førre fire raudgrøne åra vart det flytta halvparten, seier Sanner.

Kreativ bruk av tal

Opposisjonsleiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier han er glad for alle arbeidsplassar som blir flytta ut av Oslo, men er ikkje einig i tala som Sanner legg fram.

– Vi er ueinige i dei tala, seier Slagsvold Vedum.

Han meiner at denne regjeringa har lagt ned mange statlege arbeidsplassar i distrikta, og seier at mange statlege arbeidsplassar har forsvunne frå distrikta under den sitjande regjeringa. Slagsvold Vedum meiner at om ein ser på summen av det denne regjeringa har sentralisert og det dei har lokalisert ut, så er summen sentraliserande.

–For eksempel i Hamar har dei noko som heiter Direktoratet for økonomistyring, og det fyrste regjeringa gjorde då dei kom til makta var å sentralisere arbeidsplassar frå der, seier Slagsvold Vedum.

Steinar Andersen

Summen av flyttinga har vore vellykka, seier avdelingsdirektør Steinar Andersen.

Foto: Dag Kessel / NRK

Flytta bedrifta, ikkje folka

Dagleg leiar i Direktoratet for byggkvalitet på Gjøvik, Steinar Andersen meiner flyttinga har vore vellykka med tanke på at det har skapt mange kompetansearbeidsplassar i Innlandet.

Men av dei 38 tilsette som i dag arbeider i Direktoratet for byggkvalitet på Gjøvik, er det ingen av dagens tilsette som var med på flyttelasset.

Flyttinga har lykkast med å skape arbeidsplassar i innlandet, men det å flytte kompetansen frå Oslo og ut i distrikta, så er svaret, om ein snakkar om menneske og enkeltpersonar, nei.

Andersen meiner likevel at flyttinga i det store og heile har vore vellykka, fordi ein har bygd opp eit eige kompetansemiljø på Gjøvik.

–Summen av det heile har vore vellykka, seier Andersen.