NRK Meny
Normal

Sanner sin beskjed til Vågsøy: – No går toget

Representantar frå Flora og Vågsøy fekk klare tilbakemeldingar frå kommunalministeren. Fattar ein ikkje vedtak om samanslåing no, kan fordelane forsvinna.

Jan Tore Sanner og Kristin Maurstad

MØTE: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (t.h.) møtte i dag kommunalminister Jan Tore Sanner i Oslo. I morgon skal kommunestyret i Vågsøy ta ei endeleg avgjerd om dei skal slå seg saman med Flora og bli Kinn kommune.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt/Tone Merete Lillesvangstu / NTB Scanpix/NRK

– Vi fekk klinkande klar tale frå kommunalministeren om at vi bør gjere vedtak no, om vi skal komme med i den nasjonale behandlinga til stortinget og før toget går, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) til NRK.

Onsdag møtte blant anna ho og Flora-ordførar Ola Teigen kommunalministeren i Oslo.

Torsdag skal saka om samanslåing med Flora opp i Vågsøy kommunestyre. Flora bystyre gjekk inn for samanslåing tysdag.

Vil utsette

Måndag sa formannskapa i begge kommunane ja til ei samanslåing til Kinn kommune. Men fleire har tatt til ordet for at ein bør vente med å slå seg saman til ein får med Bremanger til ein stor kystkommune, men dei har sagt at dei vil stå åleine.

Høgre i Vågsøy ønsker å utsette avgjerda.

– Vågsøy Høgre er delt i denne saka og vi vil utsette heile avgjerda. Det vil vera uheldig med eit vedtak som får fleirtal med ei stemme anten den eine eller andre vegen, sa Morten Hagen i Høgre etter formannskapet måndag.

Men ei utsetting er ikkje noko kommunalministeren vil ha og heller ikkje ordføraren.

Steinar Ness

INGEN HAST: Steinar Ness i Senterpartiet meiner Vågsøy ikkje vil få færre fordelar av å utsette ei avgjerd om samanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dei statlege arbeidsplassane vert delt ut no, og utsett vi til hausten kan vi risikera at dei ikkje er der lengre. I tillegg er det ein pott for infrastruktur som også har kort søknadsfrist, seier Maurstad.

Stortingskandidat for Senterpartiet, Steinar Ness, trur ikkje på at Vågsøy må bestemma seg no.

– Sanner har forandra spelereglane før og endra fristar for å få vedtak han er nøgd med, seier han.

835 underskrifter

I førre veke vart det gjort ei innbyggjarundersøking, der 600 innbyggjarar i Vågsøy vart ringt for å gje si meining om ei samanslåing. To av tre var mot ei samanslåing av Flora og Vågsøy.

835 personar har sette namnet sitt på ei underskriftskampanje for folkerøysting, melde Fjordenes Tidende.

– Dei tala er nye for meg, men eg mottar den i morgon, så får vi diskutere korleis vi skal forholda oss til den, seier Maurstad.

Det var Geir Oldeide i partiet Raudt som kravde ei folkerøysting og som starta underskriftskampanjen.

Geir Oldeide

FOLKERØYSTING: Geir Oldeide i partiet Raudt tok til ordet for ei folkerøysting.

Foto: Kristin A. Oldeide
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.