Hopp til innhold

Sanner varslar strengare integreringskrav for kommunane

SANDANE (NRK): Det er store forskjellar mellom kommunane for kor mange innvandrar som tek utdanning og får arbeid etter introduksjonsprogram. – Det kan me ikkje leva med, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Jan Tore Sanner med rådgjevarar

SET KRAV: Integreringsminister Jan Tore Sanner (H) besøkte Gloppen i Sogn og Fjordane der integrering er satt på dagsorden. T.v. politisk rådgjevar Maria Kristine Göthner (H), og t.h. statssekretær Kristin Holm Jensen (H).

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Gloppen er ein av dei kommunane som har lukkast best i Noreg, fordi dei satsar på fagopplæring. Resten av landet må sjå hit for å læra. I staden for at innvandrarane blir gåande frå det eine NAV-kurset til det andre, så får dei ei fagopplæring og norskopplæring, blir helsefagarbeidarar og ein del av lokalsamfunnet, seier Sanner.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) var i dag på Sandane i Gloppen kommune for å læra om korleis dei har fått sju av ti innvandrarar ut i utdanning eller jobb.

Store forskjellar

Hausten 2013 starta Gloppen kommune, Nav, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Firda vidaregåande skule opp ein klasse i helsefagarbeid for minoritetsspråklege arbeidssøkjarar. Initiativet kom frå Nav, som hadde utfordringar med å finna arbeid til innvandrarar. Samstundes var helsefagarbeidar-linja ved Firda VGS truga av nedlegging, så det var vinn-vinn-situasjon for begge partar.

Etter kvart har ordninga blitt utvida til å gjelda fleire kommunar i området.

Men der den vesle vestlandskommunen har lukkast, er det mange som ikkje kan visa til like gode resultat. Forskjellane på kor mange innvandrarar som er i utdanning eller jobb etter å ha vore på introduksjonskurs, er store.

Ein nyleg publisert FAFO-rapport viser at gjennomsnittleg seks av ti av dei som er med på introduksjonsordninga, er i jobb fem år seinare.

– I 2018 brukar 17 milliardar kroner på introduksjonsprogrammet. I nokre kommunar er det berre tre av ti som kjem vidare i arbeid eller utdanning. I andre kommunar er det nesten åtte av ti. Det er så store forskjellar at det kan me ikkje leva med, seier Sanner.

Strengare krav frå hausten av

Sanner seier han vil stilla strengare krav til kommunane frå hausten av, og varslar ein ny integreringsstrategi. Det vil bli både tøffare for dei enkelte deltakarane, og for kommunane som skal sørga for opplæring og integrering.

Dei som kjem til Noreg, ønskjer å skapa seg eit nytt liv. Dei ønskjer å bidra i lokalsamfunnet. Å ikkje lukkast og å hamna utanfor, det er ikkje nokon som ønskjer det, seier Sanner.

Smilet går rundt

George Tut er ein av dei som i Gloppen har fått utdanning som helsefagarbeidar i Gloppen. At han trivst med å jobba, er tydeleg å sjå.

– Det er ein viktig jobb. Alt blir betre når ein jobbar, seier han, og har eitt klart råd for korleis andre kommunar skal lukkast betre:

– Språk er viktig for å finna jobb, avsluttar han.

George Tut og Jan Tore Sanner

MØTTE MINISTEREN: George Tut og dei andre på Gloppen omsorgssenter møtte Jan Tore Sanner då han var på besøk for å læra korleis dei jobbar med integrering.

Foto: Steinar Lote / NRK