Hopp til innhold

Målrock i gang: Slik høyrdes det ut då stjerna song på sognamål

ÅRDALSTANGEN (nrk.no): Jarle Bernhoft imponerte publikum på Målrock stort då han sang sin eigen hitlåt på klingande sognamål.

Jarle Bernhoft syng "Stay with me" på sognamaol

PUBLIKUM I STORFORM: Mange møtte fram i Meieriparken på Årdalstangen for den første kvelden av årets utgåve av Målrock.

Mykje folk hadde funne vegen til Årdalstangen og første kvelden av den 12. utgåva av Målrock. Multimusikaren Jarle Bernhoft sparka det heile i gong, og han syng vanlegvis på engelsk.

Men i kveld fekk han full jubel då han song storhiten "Stay with me" på ekte sognamål. Noko som naturleg nok publikum i Årdal tykte var retteleg stas.

– Det er litt trist at Målrock ikkje lenger berre har artistar som syng på norsk, difor har eg gjort om ein av songane mine, sa ein strålande Bernhoft frå scena i Meieriparken.

Festivalsjef for Målrock, Katrine Clausen Fredheim, meiner at årets festival kjem til å bli den beste i rekka. Mange kjede artistar skal spele, og det er seld mange billettar på førehand.

– Vi har selt bra billettar, så vi vonar på ein 5500-6000 pubikummarar i år, seier Katrine Clausen Fredheim til NRK.

Violet Road på Målrock i Årdal