NRK Meny
Normal

Sandkasseleik for store og små

I sitt eige vesle mini-Måløy kan små og store boltre seg med dei eksklusive leikebilane sine. Denne helga var 50 likesinna entusiastar samla for å dele den dyre hobbyen.

RC Lastebil i Måløy hadde laurdag treff.

SJÅ VIDEO: Laurdag hadde Vågsøy RC-lastebil treff i Måløy. Foto/Redigering: Bjarne Eldevik.

– Det kan godt høyrast ut som ein sær hobby, seier Roger Sætren.

Laurdag hadde Vågsøy RC-Lastebil treff i lokala sine i Måløy. Ein heil gjeng frå både Bergen, Sogn og Sykkylven var samla med kvar sine miniversjonar av ulike køyretøy.

– I tillegg kjem andre besøkande kjem og ser på. Vi var 50 totalt, i tillegg til andre besøkande. Det er veldig sosialt, seier Sætren.

Komplisert bygging

Det handlar om radiostyrte lastebilar og om det å byggje.

– Når vi byggjer vert det ganske komplisert. Meistringskjensla er å få alt til å fungere. Vi prøver å få det til å verke mest mogleg naturleg, med figurar som køyrer bilane, med lys og lyd. Vi prøver å få fram detaljane, fortel Sætren.

Og det er nok mange som kan kjenne seg att i det vesle miljøet dei har laga.

– Vi prøver å lage innslag av nærmiljøet. Bru, som skal vere Måløybrua, og ferje som skal vere Måløy-Oldeide, seier han.

(Saka held fram under bileta)

Gå til forsiden

Sjå bileta frå Vågsøy RC-lastebil

OLIWER GALLEFOSS FLATAKER

Sjå bileta frå Vågsøy RC-lastebil

14 bilder

    Dyr hobby

    I klubben i Vågsøy har dei faste kveldar der dei samlar seg. Hobbyen er ikkje av den rimlege sorten.

    – Dei dyraste bilane kostar 85.000 kroner, men det er ekstremtilfellet. Skal du ha ein vanleg bil med fjernkontroll kostar det rundt 4000 kroner. Det er ein startpakke for ungane. Men du kan byggje ut til alt mellom himmel og jord! Det spørst kva du gjer det til, seier Sætren.

    For han er dette ein hobby han og sonen har i lag. Dette er like mykje ein arena for store som for små.

    – Guten min likar ikkje fotball. Så då driv vi med dette i lag. Det handlar om å utfordre seg sjølve, og ha noko sosialt i lag. Du kan vere frå 5–6 år til 70 år, fortel han.

    Veksande interesse

    Han legg ikkje skjul på at hobbyen vekkjer barnet i han.

    – Bilane er fjernstyrte, berre mykje meir detaljerte og med mange fleire detaljar ein dei gamle radiostyrte bilane. Vi har lastebilar, gravemaskiner, dumparar, ferje, bilar, traktorar, alt mellom himmel og jord. Mange byggjer også sine eigne ting, seier han.

    Dei har også ei stor elektrisk kran som løftar 20 kilo. Dammen dei har laga tek 13.000 liter vatn og er 20 centimeter djup.

    – Det er ein veksande marknad når det gjeld interesse for dette, og alle aldersgrupper kan vere med, seier han.

    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå