Hopp til innhold

Sanden er sjukmeld

– Ikkje det lettaste tidspunktet å hoppe inn, seier varaordførar.

Arne Sanden

TREKK SEG: Ordførar Arne Sanden trekk seg som leiar for Lærdal Arbeiderparti.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ordførar Arne Sanden i Lærdal er sjukemeld. Han trekker seg også som leiar i Lærdal arbeiderparti.

– Det stemmer, seier varaordførar Lars Petter Nesse som no tar over etter Sanden.

– Ikkje det lettaste tidspunktet

Sanden er sjukemeld på ubestemt tid, og at Nesse vil overta som ordførar i perioden Sanden er vekke.

– Eg fekk beskjed i går kveld klokka seks at ordførar Arne Sanden var sjukmeld. Då er systemet slik at varaordførar trer inn automatisk, seier Nesse.

– Kan du sei noko om kor lenge han kjem til å vere sjukmeld?

– Nei, det veit eg ikkje.

– Kva syns du om å tre inn som fungerande ordførar?

– Det må gå det. Det er sjølvsagt ikkje det lettaste tidspunktet å hoppe inn, men vi skal gjere vårt beste alle. Så håpar vi at han Arne kjem tilbake så fort som mogleg, svarar Nesse.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Lars Petter Nesse

KONSTIRUERT: Lars Petter Nesse er konstituert ordførar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trekk seg som leiar

Sanden har også valt å trekkje seg frå vervet som leiar i Lærdal Arbeiderparti.

Partiveteran og tidlegare ordførar Knut O. Aarethun er førespurd av nominasjonsnemda å ta på seg leiarvervet i partilaget .

– Eg stadfestar at eg på førespurnad frå valnemnda har sagt til å ta på meg leiarvervet, seier Aarethun.

8. februar skal Lærdal Arbeiderparti ha årsmøte. Onsdag skal kommunestyret ha ekstraordinært møte der konflikten mellom ordførar og rådmann skal diskuterast.