Hopp til innhold

Sandefjord vil levera protest på dette raude kortet

FOSSHAUGANE (NRK): Sandefjord-spelar Christer Hansen laga straffe og vart utvist for Sandefjord. – Eg var ikkje nær han, seier Hansen. No vil Sandefjord levera protest på utvisinga.

Sogndal-Sandefjord, Christer Hansen vert utvist.

UTVIST: Christer Hansen vart utvist på overtid i første omgang, etter ein duell med Martin Ramsland. Sogndal fekk straffe som Gilbert Koomson scora på.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg vart overraska. Eg følte at eg ikkje var borti han i det heile tatt. Eg syns det raude kortet er strengt, seier Christer Hansen til NRK etter kampen.

På overtid i første omgang kom Sogndal-spelar Martin Ramsland i duell med Christer Hansen og Abdoulaye Seck rundt 16-meteren til Sandefjord. Ramsland gjekk i bakken, dommaren peika på straffemerket og viste ut Hansen.

På det etterfølgande straffesparket scora Sogndal 2–2-målet og Sandefjord måtte spele heile andre omgang med ti mann. Dei tapte til slutt 3–2, etter ei scoring av Bendik Bye, seks minutt på overtid.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

STRAFFE: Her får Sogndal straffe, på overtid i første omgang, Martin Ramsland vart riven i bakken.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Håpar på omgjering

Etter kampen sa Sandefjord-trenar Lars Bohinen at det var blytung å få mål i mot så langt inn i overtida. Og at han vil ha omgjort karantenen til Hansen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

SKUFFA: Sandefjord-trenar Lars Bohinen seier at det vert tunge sju timar i buss heim til Sandefjord, etter at poenget glapp på overtid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Spelaren min seier at han ikkje var borti Ramsland og at det ikkje var straffe og ikkje kort. Målet og resultatet får vi ikkje gjort noko med, men vi kjem til å legga inn ein protest for å få omgjort karantena, seier Bohinen til NRK.

Den andre hovudpersonen i situasjonen var Sogndal-spiss Martin Ramsland. Han skildrar situasjonen slik.

– Eg fekk ein pasning gjennom av Eirik Birkelund og nådde ballen først. Då eg skulle sette ballen i mål vart eg dradd i bakken og eg meiner det er riktig med straffe og raudt kort, seier Ramsland og legg til.

– Eg er ganske sikker på at eg hadde scora om eg ikkje hadde blitt dradd ned.

Under NRK si radiosending, 4–4–2-radiosporten, sa NRK sin fotballekspert, Karl Petter Løken, at han meinte utvisinga var feil.

Dommar Trygve Kjensli var ikkje tilgjengeleg for kommentar etter kampen.