Hopp til innhold

Sandefjord avgjorde i sluttminuttane

Sogndal fekk sin fjerde kamp utan siger og er nær kvalifiseringsplassen med tapet borte mot Sandefjord.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal

Her scorar Reiss Greenidge (t.v.) sitt og Sogndal sitt første mål bak Sandefjord-keeper Ingvar Jonsson.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal starta haustsesongen, etter tre veker med ferie, med å tapa 2–1 borte mot Odd førre helg. Der vart trenar Eirik Bakke vist på tribuna og han får ikkje så på sidelinja i kveldens kamp.

Tilbake for Sogndal er stopparveteranen Kjetil Wæhler, som har vore ute med ein skade. Sogndal har levert særs gode resultat med 41-åringen på bana, og treng alle sigrane dei kan få for å få avstand til laga som kjempar mot nedrykk i botnen av tabellen.

Sogndal stiller med denne kamptroppen, og Bjørn Inge Utvik er med i troppen att – for første gong sidan beinbrotet i mai. Sogndal stiller med følgjande lag.

SOGNDAL (3–4–3): Mathias Dyngeland – Per Magnus Steiring, Kjetil Wæhler, Reiss Greenidge – Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Eirik Schulze.

Benken: Tarjei Omenås, Bjørn Inge Utvik, Stanisa Mandic, Eirik Skaasheim, Joachim Soltvedt, Bendik Bye og Markus Brændsrød.

Sogndal har tidlegare denne veka signert den montenegriske spissen Stanisa Mandic på lån.

Høyr kampen på radio.

Laster innhold, vennligst vent..