Hopp til innhold

Skulen hans må pussast opp for 65 mill. – Utdanningsforbundet fortvilar

SANDE/MÅLØY (NRK): Sande skule i Gaular kommune treng oppgradering for 65 millionar kroner etter ein ny tilstandsrapport. – Situasjonen på Sande er ikkje unik, vi ser dette stadig, seier Utdanningsforbundet.

Rektor Rune Kvammen

REKTOR: Rune Kvammen viser fram skadar i klasserommet.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Vi har kjent til ting som ikkje er som dei skal, men det er litt overveldande når alt blir presentert slik i éin rapport, fortel rektor Rune Kvammen.

Ein ny tilstandsrapport viser at Sande barne- og ungdomsskule har store manglar når det kjem til inneklima, plass og brannsikkerheit. Skulen består av eit nybygg frå 2014 og ein eldre del frå 1967.

– Det største problemet er kanskje plassmangel. I den gamle fløya må vi bruke garderobane til grupperom, seier rektoren.

Også elevane som held til i den gamle fløya har merka dei dårlege forholda.

Elevar ved Sande skule

DÅRLEG LUFT: Jentene har undervising i eit av klasseromma der ventilasjonen ikkje fungerer som den skal.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Temperaturen kan vere veldig varierande. Nokre gongar er det varmt, men så kan det bli veldig, veldig kaldt, seier 7.-klassejentene Mathea Kjelstad Lilleby, Dina Sande Søgnen og Selma Vassdal.

Handlar om helsa til born og tilsette

Sande skule er berre eitt døme på skular som krev grundig utbetring.

– Vi får stadig vekk oppslag om skular som er direkte helseskadelege for elevar og lærarar. Slike tilstandar er sjølvsagt alvorlege brot på både opplæringslova og arbeidsmiljølova, seier Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet.

– Kommunane må prioritere pengar slik at utbetringar skjer så raskt som råd. Det handlar om helsa til borna og dei tilsette på skulen, oppmodar Strømsli.

I Måløy må snart hundre år gamle Skram skule oppgraderast til ein prislapp på rundt 50 millionar kroner.

– Å byggje nytt blei veldig mykje dyrare, så vi har bestemt oss for å renovere. Dette bygget er også eit av dei første som blei sett opp i Måløy, så det er viktig at det blir tatt vare på, seier Knut Ove Leite, rådmann i Vågsøy.

Ordførar i Gaular kommune, Mathias Råheim, fortel at manglane var meir alvorlege enn dei hadde venta.

Råtten vegg Sande skule

ROTE: Skjermdump frå SWECO sin tilstandsrapport. – Ei stor utfordring er at skulen er bygd opp av murstein som trekkjer vatn som går vidare til materialet bak, fortel rektor Kvamme.

Foto: SWECO

– Vi må vurdere om ein skal rive eller byggje nytt. Vi har sett av 40 millionar kroner til skulerehabilitering dei neste fire åra. No kjem alt til å gå til Sande skule, konstaterer ordføraren.

Manglar, men ikkje heilsvart

Folkehelseavdelinga fører tilsyn over elleve kommunar i Sogn og Fjordane, mellom anna Gaular kommune. Trass manglane som har kome fram, viser leiar Elisabeth Solheim til at det store biletet i fylket likevel er positivt.

– Det er nokre ting som må bli betre, men alt i alt er det ikkje dramatiske tilstandar, og det står veldig bra til med skulane i dei kommunane vi jobbar med.

Rektor Kvammen på Sande er stolt over skulen sin.

– Skulen vår har nokre manglar, men den har òg mange positive kvalitetar. Det er ikkje slik at alt er heilsvart. Vi har store areal som vi er veldig glade i og som er svært gode, skryt han.

Sande skule

SANDE SKULE

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK