Hopp til innhold

Stor stemning i fjor - i år får dei ikkje svinge seg på Sande Dansefestival

Det blir ikkje nokon Sande Dansefestival i år. Arrangøren Per Kapstad på Sande Kro og Hotell seier dei ikkje fekk det store trekkplasteret dei hadde håpa på.

Full fart på dansegolvet.

DANSEGLEDE: I år må dei danseglade finne andre golv enn på Sande dansefestival.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Dansefestivalen i Gaular skulle etter planen ha vore avvikla i helga 13. til 14. juni. I fjor var det 1500 menneske på festivalen.

Men vel ein månad før årets dansefestival skulle ha gått av stabelen må arrangøren kaste korta. Per Kapstad seier dei hadde rekna med eit band som kunne trekkje mykje folk fredagen. Han vil ikkje seie kva band det var snakk om.

– Men no på fredag fekk vi beskjed om at vi ikkje får dette trekkplasteret likevel. Det er veldig trasig å måtte avlyse. Vi har jobba mykje med det i heile vinter. Og på så kort tid er det uråd å få inn eit nytt trekkplaster.

Ingvild Ness og Per Kapstad

- TRASIG: Per Kapstad (her saman med Ingvild Ness) er lei seg for at det ikkje blir noko av årets festival.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Må ha noko som trekkjer folk

Og dette trekkplasteret var så vesentleg at Sande Kro og Hotell ikkje tok sjansen på å arrangere festival i år.

– Vi må ha noko som trekkjer folk, det er ikkje hjelp i å ha festival berre for festivalen sin del.

Men dette betyr ikkje slutten for Sande Dansefestival. No set dei i gang med tanke på å få til ein attraktiv festival i 2015, seier Kapstad.

– Då må vi få brikkene på plass litt tidlegare, slik at vi ikkje kjem så nær innpå som i år.