Hopp til innhold

Sandberg ny fiskeriminister: – Vi må i alle fall gje han ein sjanse

Sogn og Fjordane fiskarlag vil ikkje førehandsdømme Per Sandberg (Frp) som i dag vart utpeikt som ny fiskeriminister.

Per Sandberg

OMDISKUTERT: Per Sandberg (Frp) er ein kontroversiell figur i norsk politikk, men leiaren i fiskarlaget vil ikkje trekkje forhasta konklusjonar om valet.

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

Sandberg tek over for Elisabeth Aspaker frå Høgre. Men allereie no er fleire kritiske til å få Sandberg i regjering.

Styreformann i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, har lite å stø seg på når han skal vurdere kva rollebytet vil bety for næringa.

– Det blir spanande å sjå kva han står for. Han har vore lite synleg i norsk fiskeripolitikk, seier Silden.

Jarl Magne Silden

SPENT: Silden håpar det ikkje blir dei store forandringane med Sandberg i stolen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Som mange andre vart han overraska over å sjå Sandberg sitt namn då Erna Solberg i dag la fram endringane i regjeringa. Men det viktigaste for Silden er at det ikkje blir for store omveltingar for fiskarane.

– Vi må ha stabilitet og vite kva som er dei politiske føringane i dei ulike sakene framover. Det er viktig at det ikkje blir forandring kvar gong det kjem inn ein ny minister, seier Silden.

At Sandberg til tider har vore kontroversiell, er ikkje noko Silden vil bruke mot han.

– Han er ein frittalande politikar, slik sett kjem han til sine eigne. Fiskarane kan ofte vere frittalande, så det kan vere eit språk vi forstår, seier han.

– Vi må i alle fall gje han ein sjanse, seier Silden.