Sandane hadde ein mager poengvår i 3. divisjon i fjor, men enda på tilslutt på niandeplass og berga kontrakten takket være ein flott haustsesong. I år har dei mange og lovande unggutane i STIL-stallen mogna nok eit år, og sjølv om Sandane må rekne med å kjempe i avdelinga for botnlag, trur eg at dei bergar plassen med god margin. Eg plasserar Sandane på 8. plass. Noko so omlag samsvarar med målsetjinga i klubben.
Spelande trenar Bjarne Austrheim, som har overteke trenaransvaret i Sandane saman med midtbaneveteranen Oddgeir Leirgul, trur den tøffe sesongen i fjor var lærerik for det unge laget. Spelarstallen er tilnærma lik fjorårsutgåva men tilgangen av unge lovande spelarar er større, noko som hevar kvaliteten i treningsarbeidet
Sandane spelar i eit klassisk 4-2-2 system, men det tradisjonelt sett offensive laget blir i år meir forsiktige og kyniske, seier Austrheim.
Skavøypoll på 7. plass
Skavøypoll både overraska og imponerte med sjetteplass i debutsesongen i tredjedivisjon i fjor. I år er overraskingsmomentet borte, det same er sju av spelarane frå fjorårsstallen. Dermed blir kampen om poenga tøffare for talentutviklarane i polljen, som eg trur må ta eit steg ned, frå sjetteplass til sjuande, i år.
Trenar Vidar Sandal tok den høgaste trenargraden i Norge i vår. Han og dei andre i apparatet kring Skavøypoll har både langsiktige mål, og ein definert strategi i arbeidet. Slik sett kan vårt tips om ein 7. plass ved sesongslutt vere i samsvar med målsetjingane i klubben, dersom utviklingsmåla med fokus på individuell utvikling og lagbygging held ynskt nivå.
Skavøypoll skal altså til på den såkalla tøffe andresesongen, men ingen skal tru at den mykje omtala snubletråden i sesong nummer to ikkje er i fokus i talentfabrikken i polljen. Ringreven Vidar Sandal har til og med fokusert på den i trenarkommentaren i sesongheftet.
Børre Steenslid og Einar Glomnes er mellom profilane som er borte frå laget som tok sjetteplass i fjor. I tillegg er stortalentet Rune Solvang truleg ute med skade storparten av vårsesongen. I tillegg er toppskåraren Erik Sandal i søkjelyset til fleire klubbar, mellom anna Molde. Men utskiftingar i stallen uroar ikkje polljarane, der ei av målsetjingane nettopp er å levere talent.
Plass | Lag |
---|---|
1 | Stryn |
2 | Førde |
3 | Tornado Måløy |
4 | Sogndal 2 |
5 | Høyang |
6 | Fjøra |
7 | Skavøypoll |
8 | Sandane |
9 | Florø |
10 | Saga |
11 | Dale |
12 | Eid |