Hopp til innhold

Sandane-mann stakk av med storgevinst - og det nyt nabolaget hans godt av

Rune Akse frå Sandane fekk i går beskjed om at han er vekas hovudvinnar i Nabolaget – og at han dermed har vunne éin million kroner.

Rune Akse vann i Nabolaget

GLAD: Rune Akse kunne smile etter å ha fått hovudgevinsten i vekas Nabolaget-trekning.

Foto: Norsk Tipping

– Har eg det? Det var jo veldig hyggeleg, seier Akse til Norsk Tipping.

Han er førebels usikker på kva han skal bruke gevinsten på. Det han tykkjer er ekstra kjekt er at naboane hans, som har spelt Nabolaget, også håvar inn nokre kroner på at han vann.

Dei fem næraste spelande naboane hans vinn nemleg 100.000 kroner kvar.

– Det er veldig artig at også naboane mine vinn, seier Akse.