- Om vi ikkje får dekka desse kostnadene, så må vi vurdere driftsstans av nokre av våre flyplassar, seier Randi Flesland.
Brev til departementet
Men Flesland veit at det berre er Stortinget som kan leggje ned flyplassar. Ho har sendt eit brev til Samferdslepartementet der ho ber dei fortelje henne kva flyplassar ho må stengje mellombels dersom det ikkje kjem meir pengar til Avinor.
På Stortinget fresar Oddbjørg Starrfeldt av signala frå Avinor. Starrfeldt sit i samferdselskomiteen og meiner det er heilt uakseptabelt å stengje flyplassen på Sandane.
- Det er særleg uakseptabelt når vi for mindre enn eitt år sidan sa at det ikkje kom på tale å legge ned ein einaste flyplass, før vi har fått ein skikkeleg gjennomgang av heile flyplasstrukturen, seier ho.
-Lei av stadige trugsmål
Avinor truga også tidlegare i år med mellombels stenging av flyplassen på Sandane, men møtte då motbør frå samferdsledepartementet. No er ordføraren i Gloppen, Anders Ryssdal, lei av dei stadige trugsmåla frå selskapet som eig og driv flyplassen i kommunen.
- Dette er svært skadeleg for drifta av flyplassen. Eg reagerer sterkt på at dette blir dratt fram, seier Ryssdal.
Dersom Avinor stengjer flyplassen, får det alvorlege følgjer for verksemdene i Nordfjord-regionen, seier ordførar Ryssdal.
- For næringslivet i regionen er flyplssen svært viktig.
Ryssdal seier at Gloppen kommune ikkje kjem til å gi seg utan sverdslag.
- No kjem vi til å ta kontakt inn mot departementet.