Hopp til innhold

Sandal trur på Skjælaaen

Fylkesordførar Nils R. Sandal krev 100 til 200 millionar kroner meir til Helse Vest i statsbudsjettet.

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Budsjettet blir lagt fram den 6. oktober, og Sandal frå regjeringspartiet Senterpartiet trur dette er realistisk.

 

- Ja, det trur eg er realistisk dersom Regjeringa og stortingsfleirtalet vil.

Ingen å gøyme seg bak

Fylkesordførar Nils R. Sandal har store forventningar til at den raudgrøne regjeringa no skal ta til å innfri vallovnadene om å verne lokalsjukehusa. Den 6. oktober legg statsminister Jens Stoltenberg fram det første statsbudsjettet der dei raudgrøne fritt har kunna forme sitt eige budsjett. I revidert budsjett kunne dei rett nok vise retning i budsjettet, men i statsbudsjettet har dei ingen å gøyme seg bak dersom dei skuffar folk. Og helse er utan tvil eit felt der folk har store forventningar.

Skeivfordeling

Berre Helse Førde har eit innsparingskrav hengande over seg på 50 millionar kroner innan utgangen av neste år. Også Helse Bergen har ein anstrengt økonomi. I tillegg har Helse Vest over lang fått for lite i høve til dei andre helseføretaka.

- Helse Vest har fått relativt sett mindre enn andre helseregionar. Vi har litt av den same situasjonen i Helse Midt, og vi har hatt smaarbeid med Sør-Trøndelag fylkeskommune om dette, så eg håpar og har forventningar til at vi skal få meir pengar til Helse Vest.

Trur på partifellen

 

Rune Skjælaaen
Foto: NRK

Helsepolitisk talsmann Rune Skjælaaen i Senterpartiet gjekk freidig ut og lova 100 til 200 millionar kroner meir til Helse Vest i årets statsbudsjett. Og denne lovnaden ventar Sandal blir innfridd.

- Ja, eg har sterke forventningar til dette. Det er viktig å få rette det opp i dette statsbudsjettet.

- Tek imot kvar krone

Men styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest er iallfall ikkje tydeleg i trua på at Skjælaaen vil halde lovnaden. Derimot trur han det er meir realistisk med 60 millionar kroner ekstra.

- Eg tek imot kvar krone eg får, men samstundes er eg realist, eg har vore gjennom det å lage statsbudsjett og veit kor mange andre statsrådar som ynskjer pengar.

Også styreleiar Clara Øberg i Helse Førde håpar på rundt 60 millionar kroner.

Truverdet til Skjælaaen på spel?

Difor er det eit spørsmål om sjølve truverdet til Senterpartiet og helsepolitisk talsmann Rune Skjælaaen står på spel i denne saka, sidan han har lova meir enn kva sjølv helseføretaka torer å håpe på.