NRK Meny
Normal

Sandal tek ære for millionpakke

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Reidar Sandal, tek deler av æra for at Årdal får 325 millionar kroner frå Hydro.

Reidar Sandal
Foto: NRK

- Gutsen eg viste mot Hydro i valkampen i fjor sommar har virka, hevdar Reidar Sandal. Han meiner at utspelet om å nekte Hydro olje- og gasskonsjesjonar har hatt god effekt.

Det var på ein konferanse arrangert av norsk ingeniørorganisasjon i Florø fredag at Sandal sa dette. Han meiner utspelet om å nekte  Hydro olje- og gasskonsesjonar skapte press på Hydro, og medverka til at Årdalsamfunnet no har kome fram til ei ordning.

Sandal fekk i sommar hard kritikk i etterkant av utspelet. Men no når  Årdal har fått 325 millionar kroner, så meiner Sandal dette viser at utspelet hans var rett i kampen for å skaffe Årdal nye arbeidsplassar.

- Merkeleg

Leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, tykkjer det er merkeleg at Reidar Sandal tek deler av æra for omstillinga i Årdal. Lødemel minner om at utspelet ikkje ein gang fekk støtte av leiar i Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg. Høgre-leiaren hevdar at millionpakken tvert imot er eit resultat av forliket mellom Bondevik-regjeringa og Arbeideapartiet. 

- Sjølvskryt

Medlem i næringskomiteen på Stortinget, Petter Løvik frå Høgre, stiller seg også lett spørjande til utspelet.

- På Sunnmøre har vi et uttrykk som seier det at når du må skryte av deg sjølv, så kjem det av at du har "dårlege grannar". Eg veit ikkje om det er det som gjeld i dette tilfellet. Eg forstår ikkje heilt kva han tenkjer på, men viss han veit det sjølv så er jo det greit nok, seier Løvik om utspelet.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen