Hopp til innhold

Vart bestefar for andre gong - gler seg til bruke tid på barnebarna

Årets høgdepunkt for tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal var å bli bestefar for andre gong.

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 har for meg vore litt annleis enn dei siste 24 åra som eg var heiltidspolitikar som ordførar i Gloppen, og i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Det har vore rolegare og eg har styrt tida mi meir sjølv. Eg har kunna vore meir heime og drive med område der eg har spesielle interesser, ikkje minst innan kultursektoren. Eg har vore heldig og opplevd året som godt.

– Kva var di beste personlege oppleving i året som gjekk?

– Eg har hatt mange gode opplevingar i 2012 men det som eg opplevde som mi beste

var nok på slutten av året å bli bestefar for andre gong. Eg er veldig glad i barn og det å oppleve å bli bestefar er noko som gler meg veldig og gjer meg varm om hjartet. Så er det mi von at dei skal få vekse opp og ha det godt og at også eg skal få høve å vere mykje saman med dei.

Minnest ofte Utøya og skytinga i USA

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

– Tragedien på Utøya og i Regjeringskvartalet sit sterkt igjen også dette året og markeringa i sommar gjorde sterkt inntrykk. Tragedien i USA for eit par veker sidan gjorde også eit enormt inntrykk. Vi veit ikkje når ufattelege tragediar råkar, men det gjer noko med oss når det skjer.

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Mine forhåpningar og von er at fellesskapet skal styrkast og at vi blir enno flinkare til å ta vare på kvarandre. Dei som slit med einsemd har også ein viktig plass i dette fellesskapet og her har vi alle eit ansvar.

– Har du nyttårsforsett?

– Eg har tradisjonelt ikkje nyttårsforsett, men eit kan vere å bli nettopp flinkare til å dyrke fellesskapet.

Satsar på tradisjonell jul med pinnekjøt

– Korleis feirar du jul i år?

– Eg kjem nok til å feire jul på tradisjonelt vis saman med familien heime i Myklebustdalen. Maten blir nok som i alle år pinnekjøt.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Det eg hugsar best frå barndomen var nok mor si evne til å føre høgtid og hygge inn i stova desse dagane. Dette ikkje minst gjennom pynting og matlaging. Det vanka alltid noko ekstra desse dagane.

Gir gjerne til Frelsesarmeen

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Det er vanskeleg å gradere dei ulike presangane eg har fått, men eg hugsar spesielt ein gong på femtitalet eg fekk eit instrument eg kunne slå på og få fram tonar til ein melodi. Den brukte eg mykje heile jula. Kanskje vel mykje for enkelte i familien.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Eg har lenge vore imponert over kva dei ulike organisasjonar gjer for einsame og dei som ikkje har så mykje å rutte med. Ikkje minst Frelsesarmeen. Når eg passerer desse grytene prøver eg alltid legge litt igjen som kan vere litt til hjelp for desse gruppene