Forslaga frå lokallaga til listetoppar stadfestar at nominasjonen i Arbeidarpartiet blir ein thriller, der ei enkelt stemme på nominasjonsmøtet kan bli avgjerande. Når alle lokallaga no for første gong har prioritet kandidatane, får Tor Bremer støtte frå lag som til saman har 48 utsendingar på nominasjonsmøtet. Medan Sandal får støtte frå 39. Men Førde og Gaular som har sett Aud Viken framfor Reidar Sandal, kjem truleg til å gje Sandal subsidiær støtte. Det same gjer Selje, som denne gongen har plassert Siv Førde på topp. Dermed kan Sandal rekne med å få støtte frå 52 utsendingar, og dermed få fleirtal.
Ut frå dagens katastrofemeiningsmålingar for Arbeidarpartiet på landsplan, er det fleire i partiet som vurderar andremandatet her i fylket som svært utsett ved valet neste år. Dette skjerpar kampen om topp-plassen og gjer det vanskelegare for Bremer-tilhengarane å få til ein deal med Florø om Siv Førde på andreplass. For Florø er det berre topp-plass til Sandal som kan gje sikkert mandat. Florø står då også stødigt bak Sandal sitt kandidatur, men når lokallaget i tillegg plasserar Siv Førde på fjerdeplass, blir det av enkelte tolka som om Flora ønskjer å ri to hestar enno ei stund og halde døra open for hestehandel med Bremer-tilhengarane.
No skal nominasjonsnemnda setje opp sitt første listeframlegg som igjen skal ut på høyring i lokallaga, men dersom fleirtalet også då bikkar i Sandal favør, kan Indre Sogn også tape andreplassen. Fleirtalet av Sandaltilhengarane har nemleg Aud Viken frå Førde på andreplass. Alternativet er Ingrid Heggø frå Høyanger. Spørsmålet er kva som skjer om Sandal-fleirtalet ikkje greier å samle seg om andrekandidaten.