Fleire sentrale kjelder både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord seier dei er overraska over at Årdal Arbeidarparti i går heilt utelukka Reidar Sandal frå sitt første listeframlegg framfor Stortingsvalet. I tillegg til Årdal er det berre Leikanger som så langt ikkje har sett opp den tidlegare utdanningsministeren.
Dei fleste partilagti er ikkje klare med sine framleg før måndag, men i Sogn har både Aurland, Lærdal og Sogndal Sandal på sine framlegg.
Mykje tyder på at framlegget frå Årdal er ein prøveballong frå Sogn for å sjå kor sterkt den tidlegare statsråden og varamannen til Stortinget står i nominasjonsprosessen.
Alternative toppkandidatar er Tor Bremer frå Luster og Siv Førde frå Flora. Siv Førde, som er lokallagsleiar i Flora, har tidlegare sagt at ho ikkje vil kjempa mot Reidar Sandal. I dag seier Førde at Flora vil stå samla bak Sandal som 1. kandidat,men ho vil ikkje gje kommentarar på kva ho vil gjera dersom det skulle visa seg at ho saman med Bremer får så strekt oppslutnad at dei er ein aktuell duo på dei to første plassane.
Det som verkar klart så langt, er at Aud Vken ikkje har strekt nok oppslutnad til å bli ein reell utfordrar til førsteplassen på lista.
Men mykje tyder på at Bremer/Førde helle ikkje blir sterke nok i nominasjonsprosessen. For nominasjonsmøtet i Arbeidarpartiet har ei heilt anna samansetjing enn årsmøtet som valde Bremer til leiar i vår. Verd å merka seg er at Gloppen Arbeidarparti også har vraka fylkesleiar Bremer frå lista. Av dei 100 utsendingane har Indre Sogn 36, Sunnfjord 33, Nordfjord 20 og Ytre Sogn, inkludert Høyanger, har 11. Sunnfjord og Nordfjord har med andre ord fleirtal på nominasjnsmøtet. Sikrar Sandal seg full oppslutnad i Sunnfjord kan han bli nominert med støtte frå Nordfjord og truleg også Høyanger. Det kan også godt tenkjast at Sandal får støtte i Lærdal og Aurland.
Men sjølv om Sunnfjord og Nordfjord har fleirtal på nominasjonsmøtet vil uansett høgst sannsynleg andreplassen gå til Sogn, der Årdal også ved sist val var veljarbastionen. Totalt hadde kommunane Årdal, Luster og Sogndal nær 25 % av Ap-veljarane i fylket.
Men det er langt fram til nominasjonsmøtet i partiet. Nominasjonsnemndi har sitt første møte den 4. september. Dette møtet sender så ut ei uprioritert alfabetisk liste over alle kandidatar. Deretter skal framlegget ut att i to nye rundar i kommunepartia, og nominasjonsmøtet i Arbeiderpartiet er 10.desember.