Når Reidar Sandal no skal vere lobbyist på heiltid, betyr det at Sandal truleg vert gåande å trakke mykje i dørene til søstera Bjørg Sandal, som er statssekretær i olje- og energidepartementet.
For den tidlegare Ap-statsråden og stortingsrepresentanten må bruke det han har av kontaktnett når han det neste året skal arbeide for å styrkje, og kanskje attpåtil auke, aktiviteten i oljenæringa i Florø. Sikre Fjordbase etter salet av Saga, ilandføring av gass til Sogn og Fjordane og sikre at oljebasen i Florø vert del av eit nasjonalt transportsystem, vert dei viktigaste sakene Sandal får å jobbe med.
I så måte er det ei svært viktig stilling Sandal i all hemmelegheit er vorte tilsett i. Så viktig er den at fylkesutvalet i dag går inn for å bruke 400 000 kroner av skattebetalarane sine pengar for å betale halvparten av utgiftene.
Sandal er alt byrja i stillinga, som er eit engasjement fram til 1. september neste år. Stillinga er ikkje utlyst, men i følgje Kjartan Longva, styreleiar i Botnaneset Industriselskap, der Sandal formelt er tilsett, var det ikkje naudsynt å lyse ut jobben.