Det yra av folk i tredje etasje på eitt av dei store handelshusa i Førde tysdag kveld. Ein av dei mest populære norske kunstnarane i samtida hadde teke turen frå USA for å vise fram utstillinga si, «Individets valg».
Førde-folk på besøk i Sand sitt galleri i New York fekk lokka kunstmålaren over dammen. Ikkje til eit forfina galleri, men til eit lokale i eit shoppingsenter, omgjort til galleri for anledninga.
– Eg har sett meg så lei av at veldig mykje jåleri er knytt til kunst. Sjølv eg som biletkunstnar føler at det av og til er ei kulde på museum og galleri, seier Sand.
Og kjensla av ei kulde var slett ikkje å spore under utstillingsopninga. I staden kunne unge og gamle stige rundt mellom verka til kunstnaren, medan både han og broren, Aune Sand, tok seg tid til ein prat.
– Biletkunst handlar om det djupast sett menneskelege. Om det inderlege, det vare, det overraskande, det utfordrande og det vanskelege. Difor skal alle kjenne seg velkomne til å sjå biletkunst. Eg vil ikkje ha noko terskel og vil trille opp utanfor galleridomenet.
Sikra seg kunstnaren sin signatur
Blant dei som let seg imponere var Ingrid og Jens Terum.
– Fantastisk. Vi har høyrt mykje om han, men aldri sett ei heil utstilling. Berre eitt og anna sporadisk bilete. Så dette var ei oppleving, kvitrar dei.
Ingrid Terum falt pladask for eit bilete frå Lofoten, og var snar med å få kunstnaren sin signatur på baksida.
– Heile min barndom reiste far min på fiske i Lofoten. Så med det same eg såg biletet måtte eg kjøpe det.
- Les også:
- Les også:
Andre verdskrig
Store måleri med tema frå andre verdskrig pregar utstillinga. Sand har merka seg at mange andre kunstformer har teke føre seg andre verdskrig, men ikkje biletkunsten.
– Eg går inn i dette med pensel og palett, som Edvard Munch seier. Det er reiskap ein kan reise til himmel og helvete med. Det er ikkje så lett å ta med seg kamera dit. Difor kan biletkunsten seie noko anna om den største katastrofen i mennesket si historie, og behandle det annleis enn andre kunstformer, seier Sand.
Den lokale kunstnaren Rune Furelid var også blant publikum. Han har følgt Sand sitt arbeid i ei årrekkje.
– Eg har studert bileta hans sidan eg byrja med dette. Det har vore Carvaggio, Rembrandt, Nerdrum og Vebjørn Sand. Eg blir veldig inspirert.