Han skal vere barna si miljøstemme

KJØLSDALEN (NRK): 11 år gamle Samuel Myklebust skal stå heilt i front når barn i Noreg skal fortelje politikarane kva dei meiner om klimaspørsmål.

Samuel (11) frå Kjølsdalen er valt inn i Barnas klimapanel

SNAKKAR BARNA SI SAK. – Barnas klimapanel er barn frå heile landet som jobbar i lag for å for å gi vidare barn sine meiningar om klima og miljø, fortel Samuel Myklebust.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det kjennest heilt fantastisk, seier Samuel Myklebust frå Kjølsdalen i Eid.

– Eg tenkte at mamma laug då ho sa det. Eg trudde ikkje eg kom til å bli med.

Det er inga lita oppgåve han har fått. Saman med sju andre barn frå heile landet skal han snakke dei unge si sak i miljøspørsmål.

Dei åtte er stemte fram av medlemmer i barnas eigen miljøorganisasjon, Miljøagentene.

– Det er barna som skal arve jorda i framtida. Derfor skal ein høyre på barna, seier han.

Barna det handlar om

Innspel frå barn i heile landet blir samla inn gjennom skulebesøk og kampanjar. Han og dei andre barna i klimapanelet går gjennom synspunkta og lagar ein rapport som Klima- og miljøvernministeren, Energi- og miljøkomiteen på Stortinget og andre avgjerdstakarar får overrekt.

Are Shaw Waage er leiar for Miljøagentene, som har teke initiativ til at dei yngste skal ha sitt eige klimapanel.

– Barnas klimapanel får møte på stader der det ofte ikkje er andre barn. I klimadebattar kan det fort handle om kroner og øre. Men når barna kjem opp på scena, blir ein minte på at det eigentleg handlar om deira framtid.

Ein sentral jobb for organisasjonen er å forklare klimadebattar og viktige problemstillingar for barna.

– Då blir det kanskje lettare å ta gode avgjerder når dei sjølve blir avgjerdstakarar, seier han.

Barnas klimapanel får sjølve møtt mange avgjerdstakarar i inn- og utland. Mellom anna har dei vore på FNs klimatoppmøte fleire gonger.

– Alle er positive til at barna kjem med sine innspel, seier Waage.

– Mindre snakk, meir handling

Vårin Erviksæter Hals er også miljøagent i Kjølsdalen. Ho trur ikkje vaksne alltid høyrer på andre vaksne, men kan vere opne for innspel frå barn. Og det trengst, trur ho.

– Vaksne snakkar eigentleg berre om det, og så gjer dei ingenting. Dei burde i det minste gjere noko.

Barn i Kjølsdalen på tur i skogen

MANGE MILJØAGENTAR: Mange av elevane ved Montessori-skulen i Kjølsdalen er også med i lokallaget til Miljøagentene. - Dei vaksne må ikkje berre snakke, men gjere noko, meiner Vårin Erviksæter Hals (nr. tre f.v.).

Foto: Benedikte Grov / NRK

Thomas Hals er rektor ved Montessori-skulen i Kjølsdalen, men også vaksenkontakt for lokallaget til Miljøagentene der. Dei gler seg over at ein av deira medlemmer har fått plass i panelet.

– Det er heilt strålande. Vi blei utruleg glade då vi høyrde det, seier han.

– Det er barna si framtid det er snakk om. Dei følgjer med på nyheitene, og er opptekne av at den verda vi ser rundt oss skal vere minst like bra når dei veks opp og får barn.

– Plukk plast

Både Samuel Myklebust og Vårin Erviksæter Hals har råd til dei som vil bli meir klimavennlege. Å ta bussen eller gå framfor å køyre bil, er eitt av tipsa.

– Slå av lyset når du fer heimanfrå, køyr mindre bil og plukk minst ein plastbit frå bakken kvar dag, foreslår Samuel Myklebust.

Det komande året vil mykje handle om klima for 11-åringen. Thomas Hals har trua på at dei unge kan få mykje gjort.

– Viss miljøagentane i Kjølsdalen er representative for barn og unge i dag, trur eg vi ligg bra an.