Hopp til innhold

I dag legg dei grunnlaget for å gå saman inn i framtida

Det er ikkje samarbeidsklimaet som blir den største utfordringa når Sogn og Fjordane SV og Hordaland SV i dag startar arbeidet med å slå seg saman til eitt lokallaga.

Fylkesleiarar i SV, Vibeke Johnsen og Gina Barstad

GLER SEG: Fylkesleiarane i SV, Vibeke Johnsen (t.v.) og Gina Barstad, gler seg til å samle kreftene for det nye storfylket på Vestlandet. – Det er litt rart å diskutere storleik før det er sagt kva oppgåver den nye regionen, eller fylket, får. No vil vi krevje at oppgåvene blir levert, seier Barstad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein delegasjon på over 108 SV-politikarar legg i dag grunnsteinen for det som skal bli partiet sitt fylkeslag i det nye storfylket på Vestlandet.

Fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane SV har samlokalisert fylkesårsmøta i Førde.

– I dag fattar vi vedtaket for å starte prosessen, seier fylkesleiar i Hordaland, Gina Barstad.

Politiske samanslåingar

Frå 1. januar 2020 blir Hordaland og Sogn og Fjordane eitt fylke. Det vil også få ei rekkje følgjer for dei ulike politiske fylkeslaga.

SV-politikarane i dei to fylka jobba steilt mot regionreforma. Når samanslåinga er blitt ein realitet startar dei arbeidet med ei felles liste til neste års fylkes- og kommunestyreval.

– Vi kunne vald å gått vidare som to separate fylkeslag, men det ville blitt kronglete med felles lister og program. Laga har jobba godt og tett over fleire år, så vi kjenner og likar kvarandre godt, seier Barstad.

Byen treng bygda

I Bergen SV har Hordaland landets største SV-lag. Lokallaget i Sogndal blir det tredje største i det nye fylkeslaget.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Vibeke Johnsen, er ikkje redd for at fjordfylket vil drukne i eit større fylkeslag.

Hordaland har allereie i dag som sikrar at Bergen åleine ikkje har fleirtal på fylkesårsmøta.

– Bergen åleine er langt større enn Sogn og Fjordane fylkeslag, så vedtektsnemnda som i helga blir sett ned for å sjå på vedtektene får ein viktig jobb med å sikre ein god balanse mellom lokallaga og medlemene. By treng bygd, bygd treng by, seier Johnsen og legg til:

– Eg trur det nye fylkeslaget får ein sterkare distriktsprofil.

Geografi blir utfordringa

– Vi er mest opptekne av å samle kreftene og kjempe mot Høgre-politikken, enn å kjempe mot kvarandre, legg Barstad til.

SV meiner å vere i flyten med eit relativt bra stortingsval og meiningsmålingar. I Hordaland auka medlemsmassen i fjor med 200 medlemer. Totalt tel dei no nær 1.200 medlemer.

Det nye fylket blir over 30.000 kvadratmeter og tel nær 650.000 innbyggarar. Sjølv om fylkeslaga har både ulike tradisjonar og kulturar, meiner fylkesleiarane at geografien blir den største utfordringa.

– Det er langt frå ytterkantane berre i Sogn og Fjordane, men mykje kan gjerast digitalt. Vi kjem likevel ikkje vekk frå at vi må møtast fysisk. Det er der utviklinga skjer, seier Johnsen.