Frå Kråkenes i Vågsøy Arkivfoto NRK
Dei tre destinisasjonsselskapa Stiftinga Jensbua, Vestkysten Reiseliv og Reisemål Stryn og Nordfjord organiserer og marknadsfører i dag kvar sine område på kysten av Sogn og Fjordane.
Samla og sterkare
No vil dei tre reiselivsaktørane gå saman for å gjere kysten sterkare i konkurransen om turistane. Dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord, Jens Christian Skrede, seier det er for tidleg å konkretisere samarbeidet. Men målet er å profilere kysten betre.