Hopp til innhold

Samlar ungdommen til fylkesting

SKEI (NRK): Ungdom frå heile fylket er denne helga samla på Skei hotell i Jølster på Fylkestinget for ungdom.

Fylkestinget for ungdom

FØLGER MED: Ungdommane fyller salen på Skei hotell under fylkestinget.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Rad på rad med ungdom frå heile fylket sit benka og følgjer spent med. Dei neste dagane skal dei diskutere kva som er viktig og mindre viktig for ungdommen i fylket. Representantar frå dei vaksne sine rekker, med fylkesordførar Åshild Kjelsnes i spissen, er denne forsamlinga forvist til bakarste rad, for denne helga er det ungdommen som set dagsorden.

Helsing frå Fylkesordføraren

Fylkesordføraren fekk likevel sleppe til med ei helsing til ungdommen. Ho rosa den engasjerte forsamlinga.

– Det er nok fleire av dykk i denne salen som vi kjem til å høyre meir til i åra framover.

Kjelsnes oppfordra dei unge til å framsnakke fylket.

– Dykk er viktige framtidige representantar for fylket, eller kva vi kjem til å heite i framtida, og hinta dermed til moglege konsekvensar av kommune- og fylkessamanslåingar.

Åshild Kjelsnes

SKRYT AV UNGDOMMEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er imponert over engasjementet til ungdommen i fylket.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Og nettopp dette var noko som vart diskutert i pausane mellom slaga på fylkestinget

– Eg tykkjer det ville vore dumt om vi vart ein del av Hordaland til dømes. Dei veit ikkje kva som skjer her i fylket, men det veit vi, vi som faktisk bur her, seier Håkon Kyrkjebø Nybø.

Vanskelege debattar

Tema for årets fylkesting er innsparingskrava i fylkeskommunen. Representantane på fylkestinget er klar over at også ungdommen i fylket kjem til å merke nedskjeringane.

– Det er jo klart at dette gjer at årets fylkesting blir meir alvorstyngde enn tidlegare, seier møteleiar Dag Henrik Nygård i Ungdomspolitisk utval.

Dag Henrik Nygård

VANSKELEGE VAL: Dag Henrik Nygård meiner ungdommen må prioritere kva som er viktig for dei når det skal kuttast i Fylkeskommunen.

Foto: Bård Holmen Sovlik / NRK

Representantane skal i løpet av tinget sette seg ned i arbeidsgrupper og diskutere kvar det kan kuttast, noko Dag Henrik Nygård vedgår ikkje er det kjekkaste ein kan drive med.

– Samstundes er det ein sjanse for ungdommen å vise kva vi meiner er viktigast for oss å vidareføre.