Hopp til innhold

Samlar seg for Krisesenteret

Høgre, Venstre og Framstegspartiet vil gje 100.000 kroner til Krisesenteret i fylket.

Noralv Distad, Marit Barsnes Krogsæter og Frank Willy Djuvik

TRIO: Noralv Distad, Marit Barsnes Krogsæter og Frank Willy Djuvik samlar krefter for å få fylkestinget til å løyve 100.000 kroner til Krisesenteret i Florø.

Foto: Fotomontasje

Den ikkje-sosialistiske opposisjonen føreslår dette framfor dagens budsjettdebatt i fylkestinget.

Fylkeskommunen valde å gje same sum i fjor, men først etter at ein hadde føreslått å kutte støtten til Krisesenteret .

– Vi tykkjer det er rett at fylkestinget også i år yter ei slik løyving. Krisesenteret spelar ein viktig funksjon for dei som treng hjelp og støtte i kritiske situasjonar, seier gruppeleiar for Høgre, Noralv Distad.

– Ein viktig jobb

Krisesenteret i Sogn og Fjordane vart etablert i 1985 og er ei privat stifting som blir finansiert av staten og kommunane i fylket. Senteret er lokalisert til Florø og har 12 tilsette.

Føremålet med senteret er mellom anna å hjelpe kvinner og born som har vore utsette for fysisk og eller psykisk mishandling. Tilbodet skal vere eit lågterskeltilbod som er ope heile døgnet.

– Dei gjer ein veldig god jobb og har ikkje for mykje midlar å jobbe med. Krisesenteret tek seg av dei svakaste av dei svake, og difor tykkjer vi det er viktig å støtte dei. Det er ikkje berre mishandla kvinner som er innom krisesenteret, men også ein god del born, seier gruppeleiar for Venstre, Marit Barsnes Krogsæter.