Hopp til innhold

Samlar opp vindmøllesøknader

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) kjem til å handsame søknader om nye vindkraftverk i Sogn og Fjordane samla, seier NVE-direktør Agnar Aas.

Vindmøller
Foto: Roald Levi Halsør

NVE har på bordet ei rekkje vindkraftsøknader frå heile norskekysten, og har delt landet inn i seks regionar for å sjå prosjekta i kvar region i samanheng.

 

- Det er naturleg å ha ein  del av desse prosjekta samla, og då har vi delt det inn etter korleis elektrisitetsnettet er dimensjonert og kvar det er naturlege flaskehalsar, seier Agnar Aas.

Ikkje linjer til alle

Og  Sogn og Fjordane har ikkje linjekapasitet til å få straum frå alle planlagde vindkraftverk på dagens nett. Difor vil ei samla vurdering av alle prosjekt i vårt fylke bety at eitt får ja, medan eit anna får nei av omsyn til nettkapasiteten. Men også andre omsyn tel, seier Aas.

- Vi skal sjå på alle relevante tilhøve, både fordelen for samfunnet og for lokalmiljøet, og ulempene, miljøverknadene. Og når vi konkluderer, skal fordelene for samfunnet vere større enn ulempene.

I dag Sogn og Fjordane fem møller på Mehuken, og der ventar dei på konsesjon for åtte nye.

Planar om 100 nye møller

Elles er der planar om 14 møller på Bremangerfjellet, inntil 30 møller på Setenesfjellet i Gulen, 10 møller i Flora, 16 møller på Okla i Selje og 25 møller på Lutelandet i Fjaler. Men alle må smøre seg med tålmod. Region Midt-Norge ligg først i køen av naturlege grunnar.

- Det er ut frå kraftsituasjonen vi ser framover. Men vi vil i tillegg handsame ein del enkeltprosjekt.

Kva tid det så er Sogn og Fjordane sin tur vil ikkje Aas seie noko om idag.