Hopp til innhold

Samlar kreftene om verdas første digitale straummarknad

FØRDE (NRK): Teknologiverksemda Tibber går i allianse med kraftgiganten BKK. Frå vesle Førde lanserer dei no verdas første heildigitale straummarknad.

Monika Inde Zsak (daglig leder, BKK Grønn Invest) og Edgeir Vårdal Aksnes (daglig leder, Tibber)

INTERNASJONALT: Edgeir Vårdal Aksnes (t.v.) meiner dei på sikt kan kopiere Tibber-modellen til 20–30 andre land. Det vil BKK vere med på. – Å vere med å vekse opp noko frå Vestlandet som kan bli ei ny global løysing, er noko vi definitivt ynskjer å vere med på, seier dagleg leiar i BKK Grønt InVest, Monika Inde Zsak.

Foto: Jørgen Steffensen

BKK spyttar inn 15 millionar kroner og gjer samstundes sine 28 kraftverk tilgjengelege for straumkundane gjennom appen til Tibber, også kalla straummarknadens Spotify.

Frå før har investor og hotellgründer Petter Stordalen investert 4,5 millionar kroner.

– Dette er ein enorm milepåle for oss. No er det berre å gje gass i marknaden, seier gründer og dagleg leiar, Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber.

Måtte leggje nye planar

Teknologiverksemda er eit synleg bevis på at ein kan lukkast nasjonalt frå distriktet. Sidan lanseringa i februar har Tibber vakse kraftig. Siste tida har dei dobla tal tilsette.

I dag har verksemda 15 tilsette i Førde og Stockholm. I oktober runda dei 10.000 kundar.

Den raske veksten gav behov for meir kapital for å ta nye steg.

– Vi hadde eit realistisk mål, sette oss eit mål vi håpa å nå og eitt mål vi drøymde om. I sommar kom vi litt over det vi drøymde om, så vi sette oss ned og la nye planar for heile selskapet, seier Aksnes.

Trengde kapital

Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber

LOKALE: Frå sine nye lokale på Øyrane i Førde håpar Edgeir Vårdal Aksnes å føre Tibber inn på utanlandske straummarknadar. – Vi skal ha nokre titusentals brukarar i løpet av 2018. Når vi har nådd nokre milepælar til er tanken å gå til ein annan marknad, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Samtalane med BKK viste seg raskt å bere frukter.

Saman skal dei no utvikle modellen og legge til rette for at marknadsplassen får endå fleire deltakarar.

– Det er ei solid stjerne i margen at ein av dei største straumprodusentane i landet går god for at dette er ei god løysing for alle partar. For det andre har dei enorm kompetanse, slik at vi kan utvikle heile Tibber-konseptet og gjere det tilgjengeleg for endå fleire kraftprodusentar og hushaldningar, seier Aksnes.

Vil forme verdikjeda

BKK Grønn InVest er eit nyskipa firma som allereie er inne i Bergen Carbon Solutions og samarbeider med Ocean Sun. Intensjonen er å medverke til å finne nye disruptive løysingar i kraftbransjen.

Det fann dei hos Tibber. Tibber gir norske hushaldningar sjansen til å kjøpe straum, utan å gå via fordyrande omvegar.

– Alliansen gir oss høve til å vere med å forme framtidas verdikjede for korleis sluttkundar kjøper og handlar straum. Då vil ikkje vi sitje i baksetet. Vi vil vere med å forme, seier dagleg leiar Monika Inde Zsak.

– Kva håpar de å få ut av alliansen?

– Eg trur det vil vere svært verdifullt for oss å jobbe saman med den kreative gjengen i Tibber, som tenkjer litt ute av boksen om problemstillingar. Så har vi ein unik ressurs i rein og fornybar energi, som vi på den beste og enkle måten håpar på få ut.