Hopp til innhold

Slik vil dei hjelpe dei brannråka i Lærdal

Engasjementet for å hjelpe alle som har mista alt dei eigde i brannen i Lærdal er stort. – Vi samlar inn klede, og oppmodar alle i Sogn og Fjordane til å hjelpe til, seier Pål Johannesen i EM-distribusjon.

Pål Johannesen

STARTA INNSAMLINGSAKSJON: Bedrifta til Pål Johannesen har sett opp ein container der folk kan levere inn klede og andre ting folk treng i det daglege.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For å hjelpe alle som har mista alt i brannen i Lærdal er det mange som har engasjert seg. Mange har ringt til nrk.no for å hjelp til å finne ut kvar dei kan levere ting til brannoffera i Lærdal.

Ei bedrift som har engasjert seg er EM-distribusjon. Dei held til på Storehaug i Gaular kommune, ved lokala til tidlegare Kårstad transport. Der har bedrifta sett opp ein container.

Sett opp container

– Her kan folk gje vekk spesielt varme klede - luer, vottar, varmel gensarar, men også andre ting som folk i Lærdal treng i det daglege. Vi skal ta det med inn til Lærdal, for vi køyrer denne vegen uansett.

Bedrifta lovar å ta hand om det som blir levert og gitt til nokon i Lærdal kommune.

– Det nyttar ikkje å levere søppel. Vi vi l så langt det lar seg gjere gå over tinga som blir samla inn, men det må vere skikelege ting som er reine og heile slik at folk kan bruke det.

Johannesen seier innsamlingstilbodet går til heile Sogn og Fjordane.

Kunne skjedd nokon nær

– Vi har eit distribusjonsnett som dekker heile Sogn og Fjordane. Så dersom nokon tar på seg å samle saman tinga i dei andre kommunane kan vi hente det.

Han seier det er heilt naturleg å starte ein slik innsamlingsaksjon når så mange vert råka av ei så stor krise.

– Når det skjer slike ting må ein jo hjelpe. Det kunne like godt skjedd nokon vi kjenner. Vi har blant anna ein sjåfør som bur i Lærdal. Så det vekkjer engasjement og vi har lyst å hjelpe.

Også på facebook er det starta opp ei nettside for å hjelpe folk i Lærdal.