- Jakob Sande var mykje meir enn ein burlesk humorist, meiner Ove Eide, som skriv biografien om Sande.
Jakob Sande budde mesteparten av sitt vaksne liv i Fredrikstad og Oslo, men lengta ofte heim til Dale og hytta på Kobbeskjershaugen.
Ove Eide lovar fleire overraskingar om Sande. (Foto: NRK)
- Framleis høgt skatta
Om to år er det hundre år sidan forfattaren bak viser og dikt som "Kallen og katten" og "Fløytelåt" vart fødd.
- Snart fire tiår etter at han døydde er Sande framleis høgt skatta av mange, og forklaringa er enkel, meiner biograf Ove Eide.
Eide har merka seg den pågåande biografidebatten, og kjem til å ha ei varsam tilnærming til Sande si liv. Men om det ikkje blir pikante avsløringar, lovar Eide fleire overraskingar om diktaren frå Dale.