Hopp til innhold

Samla på eitt lag - herjar i eliten

Fire sunnfjordingar har vore svært sentrale i BSI sin parademarsj mot NM-finalen i volleyball. Ein gong i framtida vil dei heim og spele gamlelaget opp i eliteserien.

Fire sunnfjordingar på BSI

SUVERENE I SEMIFINALE: BSI har fire sunnfjordingar på laget. No er dei klare for cupfinale. Frå venstre Hilde Elvebakk, Susanne Kalstad, Ingri Malene Ervik Erdal og Randi Marie Berntsen.

Foto: Beate Nyhammer

Heile fire sunnfjordingar kan ta kongepokal i volleyball. Det er klart etter at BSI tysdag kveld banka Blindheim 3-0 i semifinalen i NM for kvinner.

- Eg gler meg kjempemasse. Eg har alltid hatt lyst på ein kongepokal, så for meg er dette god motivasjon, seier Hilde Elvebakk.

Har «alltid» spelt saman

21-åringen frå Naustdal er ei av fire jenter frå Sunnfjord som utgjer stammen i førsteseksaren til eliteserielaget frå Bergen.

I tillegg spelar naustedølane Ingri Malene Ervik Erdal (22) og Randi Marie Berntsen (24) på laget - saman med Susanne Kalstad (26) frå Førde.

- Det er veldig kjekt at vi er så mange frå Sunnfjord på laget. Det er jo dei eg har spelt saman med heile livet, så det er veldig triveleg, seier Ingri Malene Ervik Erdal.

Ekstra motiverte av cupfinalen

I eliteserien har BSI levert resultat på det jamne, med fem sigrar og seks tap så langt denne sesongen. Men i cupen har det gått langt betre - og det Sunnfjord-dominerte laget hadde ingen problem med å slå ut Blindheim i semifinalen.

I finalen ventar Koll - Norges desidert beste damelag dei siste åra.

- Vi har spelt jamnt med dei tidlegare, men dei har også slege oss kraftig. Samstundes er vi ekstra motiverte av at det er cupfinale, seier Ervik Erdal.

Vil spele Tambar opp i eliten

Kvartetten er for tida i Bergen for å studere, men dei ser for seg å ta turen heim igjen etter endt utdanning.

Då kan det komme til å bli eliteseriespel i Naustdalshallen.

- Dei fleste vil nok heim igjen og spele for Tambarskjelvar, seier Hilde Elvebakk.

Dato for NM-finalen for kvinner er førebels ikkje bestemt. Men kampen blir spelt på BSI si heimebane i Stemmemyrhallen.