NRK Meny
Normal

No har dei samla meir enn nok underskrifter mot handelsparken

No har innbyggjaraksjonen mot handelsparken på Brulandsvellene i Førde fått så mange underskrifter at kommunen må ta opp saka og vurdere ønskja deira. Dei 690 underskriftene er no levert til kommunen.

Ester- Johanne Sande

LA SENTRUM LEVE: Ester-Johanne Sande står bak innbyggjaraksjonen mot utbygging av handelspark på Brulandsvellene. Ho er glad det er så mange som har vist sitt engasjement rundt saka. Underskriftene er no levert til kommunen.

Foto: minsak.no/Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Med 690 underskrifter må Førde kommune ta opp saka som gjorde at Ester-Johanne Sande starta ei underskriftskampanje. Den heiter «La Førde sentrum leve» og er i mot ei utbygging av handelspark på Brulandsvellene i Førde.

Eit fleirtal i kommunestyret i Førde vil regulere eit 72 000 kvadratmeter stort område på Bruland til handelspark. Dette er framleis berre eit framlegg frå kommunen.

For om lag ein månad sidan hadde dei allereie nok underskrifter, men også den siste månaden har innbyggjarane i Førde flittig signert underskriftskampanjen.

– Kampanjen som har lege på minsak.no blei stengt 15. februar. Vi avslutta med 690 underskrifter noko som vil seie at kommunen må ta opp saka og vurdere våre tankar og ønsker. Det er ikkje dermed sagt at vi får det, men vi håpar inderleg at dei høyrer på oss, seier Sande.

Håpar kommunen tenkjer seg om

– Det er jo mange underskrifter til å vere på ein liten plass. I tillegg har vi 1700 som støtter oss på Facebook. Det fortel oss ganske mykje. Folk er opptekne av at vi skal ta vare på Førde sentrum og ikkje ha utbygging på Brulandsvellene og øydeleggje matjorda der.

Motstanden har vore stor, det viser dei nesten 700 underskriftene. No håpar Sande at kommunen vil gjere noko.

– Eg håpar i alle fall at dei stoggar litt opp og kanskje utsett saka og ser på andre mulegheiter, og at dei kanskje kan sjå at det kan vere mogleg å heller satse i sentrum. Eg håpar inderleg at vi kan stoppe utbyggingane på Brulandsvellene. Her er miljø, natur, framtid og grunnleggande verdiar som Norge er bygd på og som vi må ta vare på, seier ho.

Dersom ei sak på minsak.no får nok underskrifter, det vil seie to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen, må kommunen vurdere sak.

Ingenting er bestemt enda

Olve Grotle

IKKJE AVGJORT: Ordførar i Førde, Olve Grotle seier ingenting er bestemt enda.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ordførar i Førde, Olve Grotle, kan ikkje stadfeste at dei har fått underskriftene enda, men ser at det er viktig med engasjement rundt dette. Han seier kommunen enda ikkje har teke stilling til saka.

– Dette er heilt klart ei sak det er mykje engasjement rundt, og det er flott. Uansett er dette ei sak vi skal behandle i kommunen. Om saka vil komme opp i ei anna form på grunn av underskriftene er eg usikker på, seier han.

Grotle seier at om det skal leggjast til rette for handelspark på Brulandsvellene vil bli avgjort i slutten av dette året.

– No skal vi ha ein grundig saksbehandlingsprosess og innhente informasjon og rapportar slik at det vi kjem fram til er best mogleg. Vi kjem ikkje til å ta stilling til det før ny kommunereguleringsplan er på plass. Den kjem i desember. Politikarane vil gjere sine totalvurderingar og det kan godt hende dei vert påverka av engasjementet, seier han.

Vidareutvikle Førde sentrum

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

SLIK KAN DET BLI: Slik kan det sjå ut dersom planane om handelspark vert gjennomført.

Foto: Asplan Viak, skisse

Han trur det vil bli mykje diskusjonar rundt saka. Sande meiner det er viktig å ta vare på området på Brulandsvellene og samtidig få liv i sentrum.

– Matjorda er det eine, vi veit ikkje kva framtida vil bringe, i tillegg er det masse tomme bygningar i Førde sentrum som burde fyllast opp først. Sentrum burde fortettast og bli meir levande med kafear, butikkar, restaurantar, kunst og parkar og uteplassar. Då vil folk få lyst til å bruke sentrum, seier Sande.

Ordførar Grotle er samd i det Sande seier. Mykje handlar om korleis vi skal få utvikle sentrum også. Det er eit viktig spørsmål, seier han.

–Men det er viktig for oss å få vidareutvikla sentrum uavhengig av ei eventuell utbygging på Brulandsvellene, seier Grotle.